— Vi har svært sjuke menneske som blir liggjande over lang tid på korridoren. Både pasientane og dei pårørande har det forferdeleg vanskeleg. Og det er eg, som den øvste ansvarlege for den behandlinga dei får, som må sjå dei i augo, seier avdelingsleiar og avdelingsoverlege Tor Jacob Moe.

Den tunge jobben er han ikkje lenger villig til å ta. I dag sa han opp stillinga si i protest mot den prekære situasjonen på Psykiatrisk klinikk ved Haukeland sykehus.

Færre plassar for dei sjukaste

Bergens Tidende fortalde i fredagsavisa korleis tvangsinnlagte og alvorleg sjuke pasientar blir stua saman. Dei må liggje tre og tre på kvart rom, eller dei må nøye seg med ein gangplass. I førre veke overnatta ein pasient på røykerommet, og til og med eit gammalt kjøkken utan toalett har vore tatt i bruk.

Fylkeslegen har vore på inspeksjon og gitt sjukehuset beskjed om å skjerpe seg og ha færre på korridoren, men det har avdelingsleiinga ikkje greidd å få til.

  • Presset er rett og slett alt for stort. Det skjer mykje positivt med opptrappinga innan psykiatrien, men sjukehus-psykiatrien blir forsømt. Og det er hit dei sjukaste blir sendt, seier Moe.

Nedbygginga av dei store psykiatriske institusjonane har gått raskare enn oppbygginga av distriktspsykiatrien. Dette har ført til færre plassar for dei sjukaste.

- Eit systemproblem

Moe viser til at Psykiatrisk klinikk opplever større og større pågang av pasientar. I løpet av 90-talet vart talet på sengeplassar i psykiatrien redusert med 20 prosent. Talet på utskrivingar auka i same perioden med 59 prosent. Det betyr at pasientane må ut mykje raskare enn tidlegare.

— Alt for mange er alt for sjuke til å bli skrivne ut så snøgt. Når det einaste signalet vi får frå departementet er at det skal bli betre innan 2004, er ikkje det godt nok for meg, seier Moe, som har hatt leiaransvar ved klinikken sidan 1997. No har han berre att oppseiingstida på 14 dagar.

  • Vi snakkar om eit systemproblem. Situasjonen er den same andre plassar: Ved Ullevål sykehus, ved Blakstad sykehus, ved Sandviken sykehus og på sjukehus i Rogaland har dei same vanskane. Oppseiinga mi er mitt signal om kva eg meiner om det som skjer, sier Moe.
KASTAR KORTA: Avdelingsleiar og avdelingsoverlege Tor Jacob Moe har fått nok av overbelegg og prekær plassmangel i psykiatrien. - Presset er rett og slett alt for stort, seier Moe.
Arkivfoto: Ørjan Deisz