To rettspsykiaterar har undersøkt sunnfjorden som er tiltalt for drapet på Anne Slåtten. Den eine av dei vitna i Fjordane tingrett i ettermiddag.

— Når han seier han ikkje hugsar kva han har vore med på, lurer vi sjølvsagt på om han lyg. Men det er ikke så lett å lure psykiaterar på slikt. I det han har sagt til oss i ulike samtaler er det stort sett godt samsvar. Han har ei konsistent forteljing. Eg trur det meste av det han har sagt til oss er sant. Men det er sjølvsagt ikkje alt som er råd til å sjekke, sa Aarre.

Dei to rettspsykiaterane har undersøkt tiltalte over eit tidsrom på seks veker. I retten konkluderte Aarre med at tiltalte ikkje er psykisk sjuk. Men at han derimot er alkoholikar.

— Det at han ikkje hugsar noko må skuldast alkoholbruken, sa Aarre.

Forsvararen ville vite om 42-åringen kan vere ein seksuell avvikar.

— Nei, vi kan ikkje finne noko avvik. Det finst ingen medisinsk diagnose for folk som brukar mykje porno, så lenge den går på vanleg vaksen heteroseksuell praksis, sa psykiateren.

<b>MÅNDAG: </b>42-åringen forklarte seg i retten måndag.<br/>TEGNING: GRO VIK