Vedtaket om å gjere fødeavdelinga i Lærdal om til fødestove, provoserer indresogningane. Dei håpa slaget var vunne då administrerande direktør i Helse Førde, Leif Kapstad, gjekk inn for å oppretthalde fødeavdelinga. Men med knappast mogleg fleirtal, 5-4, gjorde styret om på framlegget.

— Det kom som eit kjempesjokk, seier Enerstvedt.

Styrevedtaket i Helse Førde er i hovudsak grunngitt med norma på minimum 400 fødslar ved ei fødeavdeling. Færre fødslar kan gjere at det faglege nivået blir for lågt.

— Både Helsedepartementet og Stortinget har fleire gongar understreka at dette ikkje er eit absolutt krav. Andre kriteria, eksempelvis reiseavstand, skal også telje med. Alt kommande veke blir dette nok ein gong tatt opp i Stortinget.

Enerstvedt reagerer også på at styret har oversett råda frå sine eigne fagfolk som ville halde oppe Lærdal-føden..

— Det kan ikkje vere lett å vere administrerande direktør i Helse Førde.

Også i Florø er dei skuffa, etter at styret i helseføretaket gjorde eit vedtak som i praksis fører til nedlegging. Berre blodbank, hudpoliklinikk, lysterapi og evt. røntgenteneste blir igjen. Men i Florø kom ikkje vedtaket som noko bombe. Det har lenge vore klart at det ville gå den vegen.

Eit halmstrå for florøværingane er at Helse Førde er positive til at sjukehuset kan bli omgjort til eit nærsjukehus/distriktsmedisinsk senter. I tillegg opnar styret for at private aktørar kan leige sjukehuset, for å drive vidare sjukehustenester innan kirurgi og ortopedi. Det danske selskapet Transmedica er på bana med eit slikt innspel.

Både kring Lærdal og Florø sjukehus held kampen fram. Sjukehusaksjonistane set no sin lit til helseminister Dagfinn Høybråten. For måten Helse Vests representant i Helse Førde-styret røysta på onsdagens styremøte, gjer at sjansane er små for å reversere omleggingane når styret i Helse Vest møtest i Selje 11. juni.

Endringane i sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane gjer at 100 stillingar blir overflødige. Innsparingane er kalkulert til kring 40 millionar kroner.