Provosert over brukritikk i DN

Petter Løvik er irritert på Dagens Næringsliv som meiner at «Hardangerbrua burde forblitt ein visjon og ein pen teikning».

Les også:

Den tidlegare leiaren av samferdselskomiteen i Stortinget har latt seg provosera av leiarartikkelen som bygger opp om ei gamal myte - at det er meir samfunnsøkonomisk lønsamt å bygga veg i tettbygde strøk enn ute i distrikta.

- Hadde avisa vore åleine om denne feilslutninga, var det kanskje ikkje så ille. Men svært mange lever i same trua, seier Løvik.

Samfunnsøkonomisk lønsemd blir ofte rekna ut ved å finna verdiar for nytte, og dividera på kostnaden. Tidlegare har ein nytta åtte prosent som normal kalkulasjonsrente i slike analysar. I september i fjor sette Finansdepartementet normalrenta i nytte/kostnad-analysar frå åtte til fire prosent, i pakt med det reelle rentenivået, og samferdsleministeren har bestemt at renta skal vera 4,5 prosent for vegprosjekt.

- Endringa gjer sjølvsagt at fleire prosjekt som etter tidlegare utrekning var ulønsame, no vil framstå som lønsame, vedgår Løvik.

Men han påviser at rekkjefølgja mellom prosjekta i liten grad vert endra. Oppstillingar etter tidlegare og ny reknemåte viser ulike tal, men praktisk talt same rekkjefølgje når prosjekta er ordna etter samfunnsøkonomisk lønsemd. Aller øvst på Samferdsledepartementet si Topp 20-liste tronar E39 Vågsbotn-Hylkje.

Løvik avviser påstanden om at det ville vorte langt meir vegbygging i tettbygde strøk, og mindre i utkantane, dersom stortingspolitikarane hadde teke meir omsyn til utrekningane.

- Oversynet viser at ein ikkje ville ha satsa meir på tettbygde strøk enn distrikta om ein fylgde tala slavisk. Det er ikkje fagleg grunnlag for å trekka konklusjonar om kvar det er mest lønsamt å bygga veg - i tettstad eller distrikt, seier Løvik.

Vegfinansiering i distrikta er emne på konferansen som Interesseselskapet Fjordvegen (riksveg 13) skipar til i Førde 29. mars. Dei meiner i utgangspunktet at små statlege vegløyvingar hindrar utvikling i distrikta, og at noko må gjerast.



Les også

Siste fra Lokalt

Kranglete mann kom kjørende full på fest

Politiet rykket ut til Rosendal.

- Dette er så unødvendig

Mann sendt til legevakt for å sy sårene etter å ha ramponert flere biler i Fabrikkgaten.

Her stiller han klokken

«Jeg er kongen av Bergen», ropte mannen etter å ha dyttet på viserne.

- Aldri sett så mye grisekjøring

Her fliser han forbi, tett inntil land i høy fart.

Krasjet på land med båt

Båtfører i 40-årene sendt til sykehus.

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger