Den tidlegare leiaren av samferdselskomiteen i Stortinget har latt seg provosera av leiarartikkelen som bygger opp om ei gamal myte — at det er meir samfunnsøkonomisk lønsamt å bygga veg i tettbygde strøk enn ute i distrikta.

— Hadde avisa vore åleine om denne feilslutninga, var det kanskje ikkje så ille. Men svært mange lever i same trua, seier Løvik.

Samfunnsøkonomisk lønsemd blir ofte rekna ut ved å finna verdiar for nytte, og dividera på kostnaden. Tidlegare har ein nytta åtte prosent som normal kalkulasjonsrente i slike analysar. I september i fjor sette Finansdepartementet normalrenta i nytte/kostnad-analysar frå åtte til fire prosent, i pakt med det reelle rentenivået, og samferdsleministeren har bestemt at renta skal vera 4,5 prosent for vegprosjekt.

— Endringa gjer sjølvsagt at fleire prosjekt som etter tidlegare utrekning var ulønsame, no vil framstå som lønsame, vedgår Løvik.

Men han påviser at rekkjefølgja mellom prosjekta i liten grad vert endra. Oppstillingar etter tidlegare og ny reknemåte viser ulike tal, men praktisk talt same rekkjefølgje når prosjekta er ordna etter samfunnsøkonomisk lønsemd. Aller øvst på Samferdsledepartementet si Topp 20-liste tronar E39 Vågsbotn-Hylkje.

Løvik avviser påstanden om at det ville vorte langt meir vegbygging i tettbygde strøk, og mindre i utkantane, dersom stortingspolitikarane hadde teke meir omsyn til utrekningane.

— Oversynet viser at ein ikkje ville ha satsa meir på tettbygde strøk enn distrikta om ein fylgde tala slavisk. Det er ikkje fagleg grunnlag for å trekka konklusjonar om kvar det er mest lønsamt å bygga veg - i tettstad eller distrikt, seier Løvik.

Vegfinansiering i distrikta er emne på konferansen som Interesseselskapet Fjordvegen (riksveg 13) skipar til i Førde 29. mars. Dei meiner i utgangspunktet at små statlege vegløyvingar hindrar utvikling i distrikta, og at noko må gjerast.