Den andre mannen, som 34-åringen ikkje kjende, var avvisande då etnebuen prøvde å klenga seg inn på han.

Sistnemnde prøvde å stoppa etnebuen ved å presentera seg som "ein knalltøffe haugesundar". Det resulterte i at 34-åringen slo til haugesundaren i andletet og påførte han eit fem centimeter langt kutt under auga.

Fagdommaren i Sunnhordland tingrett kom i mindretal i saka, han ønskte å straffa 34-åringen med 45 dagars fengsel utan vilkår.