Langt inn i regjeringspartia er det folk som meiner at slik tale er lite klok og at det tvert om berre verkar provoserande og er eigna till å skjerpe konflikten.

Opposisjonen reagerer også på at olje— og energiminister Terje Riis-Johansen seier «opposisjonen snur saka på hovudet» når han blir skulda for å ha brote opplysningsplikta.

Heile opposisjonen står samla om at han har brote opplysningsplikta. Opposisjonen er også samstemte om at alle kort ikkje har kome på bordet og at berre kontrollkomiteen kan avdekke det som hittil ikkje har kome for ein dag.

Svarar ikkje Riis-Johansen har i tillegg unnlate å svare på brev og innsynskrav frå Stortinget.

Det er nå meir enn 14 dagar sidan energi— og miljøkomiteen kravde innsyn i fleire rapportar som gjeld reinseanlegget som er planlagd på Mongstad.

Fredag 4. juni opplyste statsråden i brev til komiteen at det ikkje hadde vore tid til å gjennomgå desse rapportane innan svarfristen han hadde fått. Arbeidet med å gjennomgå rapportane skulle halde fram.

Inntil i går, 16. juni, hadde komiteen ennå ikkje fått svar og heller ingen informasjon om når dei kunne vente å få det..

Heller ikkje har statsråden svara på brev han har fått frå dei parlamentariske leiarane i Høgre og Venstre.

Olje- og energidepartementet vil ikkje svare på spørsmålet om når svara kjem. Der seier ein berre at «svara er under arbeid».

Mistillit Slik saka nå står, er det ikkje endeleg klart at det blir fremja mistillitsframlegg mot statsråden fredag.

BT har vore i kontakt med leiarane i alle dei fire opposisjonspartia som gjev uttrykk for at det ikkje er sikkert at avklaringa kjem før fredag.

KrF har gått lengst i å varsle mistillitsframlegg, men heller ikkje KrF er fast bestemt på å fremje eit slikt framlegg.

Høgre og Venstre er minst lystne på å gå inn for mistillit nå før saka er fullstendig opplyst. Frp er «fleksibel» og vil strekke seg for å få breiast mogeleg semje.

Det kan også tenkast at det blir lagt fram eit mistillitsframlegg utan at det blir teke opp til votering. Kva som skjer i løpet av debatten vil kunne bli avgjerande for om eit slikt framlegg blir teke opp til votering.

Ingen representantar får «utbyting» i Stortinget fredag. Alle skal vere på plass i tilfelle det blir ei avgjerande votering.

Strøm-Erichsen slepp mistillit Brot på opplysningsplikta er ikkje i seg sjølv nok til å fremje mistillsframlegg. Eit rykande ferskt døme på det, er ei sak Stortinget behandlar i dag. Den gjeld personvern i helseregistera.

Opposisjonen, som har fleirtal i kontrollkomiteen, fastslår i innstillinga si at statsrådane Sylvia Brustad, Bjarne Håkon Hanssen og Anne-Grete Strøm-Erichsen, alle har brote opplysningsplikta. Og ikkje nok med det, dei har ikkje fylgt opp eit direkte pålegg frå Stortinget.

Men i staden for mistillit, uttalar komitefleirtalet sterk kritikk på fleire punkt.

I merknadane frå komiteen heiter det mellom anna:

«Flertallet finner det sterkt kritikkverdig at ansvarlige statsråder ikke på noe tidspunkt tok initiativ til å informere Stortinget om at personidentifiserende kjennetegn ikke var kryptert, slik Stortinget hadde forutsatt.»

Fleirtalet uttalar også at dei tre nemnde statsrådane har demonstrert «mangelfull respekt for og forståelse av informasjonsplikten».

Fleirtalet finn saka så alvorleg at det ikkje er tilstrekkeleg berre med merknadar, men vil ha kritikken fastslege i vedtaks form frå Stortinget:

«Stortinget uttaler at det er kritikkverdig og uheldig at Stortingets lovvedtak.... om kryptering av helseregistre... ikke er iverksatt av.... Sylvia Brustad, Bjarne Håkon Hanssen og Anne-Grete Strøm-Erichsen.»

Dette framlegget får likevel ikkje fleirtal i tinget.