— Kan det utelukkast at nokon har stått og urinert der liket låg, var spørsmålet Bente Mevåg frå Rettsmedisinsk Institutt fekk. - Vi har ikkje testa utfrå dette, men har ikkje hatt nokon indikasjonar på lukt eller at det var vått, svarte senioringeniøren frå RMI. - Så utfrå ei reint teknisk analyse kunne dette stamme frå urin?

— Eg ser det som veldig lite sannsynleg. Skal ein type urin, bør den vere samla i ein behaldar.

— Men kan dette materialet stamme frå urin?

— Eg synes det er ein heilt teoretisk moglegheit. Men vi kan ikkje si heilt sikkert om prøvene våre stamar frå spytt eller sveitte, sa Mevåg.

— Men burde de ikkje undersøkt prøvene vore undersøkt med tanke på urin, når avdøde vart funnen liggande berre eit par meter frå ein veg, spurte forsvarar Ivar Blikra.

— Nei, det synes eg ikkje, svara Bente Mevåg frå RMI.

DNA-prøvene som stemmer med tiltaltes profil vart funne under kleda på eine brystet, bh'en og på leppene til Anne Slåtten.