31-åringen var midt inne i ein krangel med to kjenningar, ein 36-åring og far hans, då han plutseleg trødde på gasspedalen.

— Dei to stod på utsida av bilen, 31-åringen sat bak rattet. Plutseleg skal han ha gitt gass og prøvd å kjøre ned dei to. Sonen gjekk klar, men faren vart treft, seier politibetjent Kent-Ove Haaland ved Fyllingsdalen politistasjon.

Påkjørselen skjedde utanfor eit bustadhus i Hillerenveien på Laksevåg like etter klokka 18.30 i går. Då politiet kom til staden, var faren frakta til legevakta. Han skal ikkje ha vorte alvorleg skadd i smellen. Sjåføren hadde i mellomtida stukke av i bilen.

Politiet var i full gang med å planlegge jakta på sjåføren då han vendte attende - framleis bak rattet.

— Det har visst pågått ein strid mellom mannen og dei to ei god stund, seier Haaland.

Sjåføren vart pågripen og plassert i arresten på politihuset. Ein blås i alkometeret gav ingen utslag.

— Politijuristen må vurdere om mannen skal bli sitjande på politihuset over natta, seier Haaland.

Bilen hadde ikkje stor fart under påkjørselen, og saka blir i første omgang etterforska som ei trafikksak.