Kvinna er no domfelt for fem eldspåsetjingar, som alle anten vart oppdaga og sløkt eller slokna av seg sjølv.

Liv i fare

Nordfjord tingrett meiner altså at både menneskeliv og store verdiar var i fare i fleire av tilfella, som omfattar ei kyrkje, eit hotell, ein aldersinstitusjon og ein psykiatrisk institusjon.

Den tiltalte kvinna er observert av rettspsykiatrisk sakkunnige, som har konkludert med at ho er strafferettsleg tilrekneleg. Men ettersom ho har det retten karakteriserer som ei lita utviklingshemming, slepp kvinna med fengselsstraff på vilkår.

Alle forsøka på brannstifting skjedde i perioden mellom november 2001 og april 2002. Det starta 21. november ved at ho tente på ein paraply i yttergangen på Eid kyrkje, medan ho høyrde at det var folk inne. I retten forklarte tiltalte at ho håpa på at kyrkja skulle brenne ned, men at folka skulle klare å redde seg ut. Brannen slokna av seg sjølv.

Ville sjå flammar

Litt seinare same dag sette ho eit veggteppe på Nordfjord psykiatrisenter i brann, og her vart elden sløkt av dei tilsette. Tiltalte grunngav i retten handlinga med at ho «ønskte å sjå flammar» og at det «skulle bli liv og røre».

Dei andre forsøka skjedde i inngangspartiet på ein aldersheim og på ei sjøbu. Heller ikkje desse utvikla seg til større brannar. Nærast var det då ho tente på to stader i kjellaren på Svelgen hotell, og dei tilsette klarte å avverge storbrann i siste liten. I retten erkjente tiltalte at ho ønskte å setje fyr på heile hotellet.

I skjerpande lei viser retten til at både menneskeliv og store verdiar stod på spel i fleire av tilfella. Normalt skulle forsøka kvalifisere til vilkårslaust fengsel, men tiltaltes mentale handicap gjer at straffeutmålinga blir annleis. Ettersom kvinna no er under oppfølging, meiner retten at korkje individualpreventive eller allmennpreventive omsyn talar for fengsel.

Dermed er kvinna dømt til 60 dagar på vilkår, samt å erstatte vel 21.000 kroner for eit veggteppe ho sette i brann.