– Forsvaret ville ha oss med på reine militære aksjonar. Det låg langt utanfor vårt mandat. Dei hadde ikkje respekt for rollefordelinga, seier politibetjent Dag Arne Guttormsen frå Askøy.

Søndag 19. oktober i fjor vart Gottormsen kalla inn til ein militær briefing utanom det vanlege i Camp Meymaneh i Nord-Afghanistan, der hovuddelen av dei norske styrkane er stasjonert.

Guttormsen og åtte andre nordmenn, under leiing av politioverbetjent Idar Grotle frå Bergen, arbeidde med å lære opp og rettleie det afghanske politiet i Faryab-provinsen. Guttormsen var fungerande teamleiar i det norsk-afghanske politiprosjektet Noraf. Folka hans var ikkje underlagt militær kommando, men budde av praktiske grunnar i den norske militærleiren.

– Reint offensiv operasjon

Sjefen for dei norske styrkane i Faryab, den såkalla PRT-en (Provincial Reconstruction Team), orienterte om at det alt neste dag skulle setjast i verk ein stor militær offensiv langs grensa mot Turkmenistan.

Operasjon «Tamarkoz 2» skulle involvere både norske troppar, den afghanske hæren og afghansk politi. Styrkane skulle jage væpna opprørsgrupper i eit område der afghanske styresmakter og NATOs ISAF-styrkar ikkje hadde kontroll. Det låg i korta at det kunne bli trefningar med fienden.

Og: Forsvaret hadde lagt detaljerte planar om at norsk politi skulle vere aktivt med.

– Det var ein reint offensiv, militær operasjon. Vi var ikkje orientert, og vi hadde ikkje vore med i planlegginga, seier Guttormsen.

Tok opp med ambassadøren

Hans umiddelbare reaksjon var at dei militæres planar gjekk heilt på tvers med retningslinjene for kva norsk politi skulle gjere i Afghanistan.

Dei er utstyrt med våpen til sjølvforsvar, men arbeidsoppgåvene er avgrensa til opplæring av afghansk politi. Frå norsk side har det vore lagt stor vekt på å skilje mellom oppbygginga av det sivile samfunnet, som politiet er ein del av, og den militære innsatsen.

Også Utanriksdepartementets utsendingar i Faryab reagerte på Forsvarets planar. Dei tok opp saka med fungerande ambassadør i Kabul, som gav klar beskjed om at deltaking i operasjonen ville vere utanfor politiets mandat. Operasjonen var heller ikkje i tråd med prinsippa for humanitær innsats.

Guttormsen nekta å sende sine folk med ut på «Operasjon Tamarkoz 2». Han sende same kveld skriftleg melding om kva som var på gang til sjefen for den norske politikontingenten i Afghanistan og bad om råd.

Så gjekk saka vidare til Politidirektoratet og Justisdepartementet i Oslo. Svaret kom same søndagskvelden, og var klart: Norsk politi hadde ingenting i ein slik militæroperasjon å gjere. BT veit at også UD i Oslo var inne i saka, og at dei kom til same konklusjon.

Tungt og vanskeleg

Grensene mellom den militære og den sivile innsatsen i Afghanistan har vore eit tilbakevendande stridstema, både internt i NATO og på norsk side. Men ingen frå innsida har tidlegare fortalt om omfanget av konflikten mellom norsk politi og norske militære i Afghanistan.

Konflikten rundt militæroperasjonen i oktober var ikkje eit enkelttilfelle.

– Det vart etter kvart veldig tungt og vanskeleg, seier Grotle.

Både han og Guttormsen skildrar eit samarbeidsklima som vart verre og verre:

  • Forsvaret gjekk utanom dei norske mentorane i kontakten med afghanske politisjefar.
  • Forsvaret ville ikkje dele vital etterretningsinformasjon med den norske politimisjonen.
  • Forsvaret var lite interessert i hjelpe til med å byggje vaktpostar for afghansk politi.
  • Forsvaret fortalde ikkje om planlagde møte med sentrale afghanske kjelder som også politiet hadde jamleg kontakt med.
  • Forsvaret kravde fullt innsyn i politiets kjeldenettverk, utan å fortelje kva informasjonen skulke brukast til.– Gjekk inn i politiets rolle

– Samarbeidet var til dels svært anstrengt. Blant anna var etterretningssamarbeidet med Forsvaret elendig. Dei ville ha informasjon frå oss, men ville ikkje gje noko tilbake. Vi hadde fleire konfrontasjonar, seier Grotle.

Han har to år bak seg i Afghanistan, og er den i norsk politi med lengst fartstid i landet.

– Det var ein tendens til å sjå oss som rågjevarar for dei militære. Autoriteten vår vart undergrave, seier Grotle, som no er pensjonist.

Afghanarane gjekk til Forsvaret

Det afghanske politiet har lenge vore peikt ut som ein av dei aller svakaste delane av den afghanske staten: Dårleg utdanna, med ei overvekt av analfabetar, dårleg trent, elendig utstyrt, valdeleg og gjennomkorrupt.

Målet med Noraf var å hjelpe politietaten på beina. Grotle var mentor for politisjefen i Faryab, Guttormsen hadde ansvar for å følgje opp kriminalsjefen i provinsen.

– Afghanarane såg jo at det var Forsvaret som sat med dei store ressursane, både når det gjaldt pengar, mannskap og utstyr. Måten dei militære opererte på gjorde at politisjefane etter kvart heller ville ha kontakt med dei direkte, seier politioverbetjent Grotle.

Han får støtte frå seniorrådgjevar Stephan Torp i Justisdepartementet, som var juridisk rådgjevar i Meymaneh.

– Sivile saker skal politiet ta seg av. Men ein PRT-sjef kan bruke makta si. Det er ikkje alle som greier balansegangen like godt, seier Torp.

Jan M. Lillebø
DAG ARNE GUTTORMSEN