– Eg tykkjer skattetaksten eg har fått er for høg i forhold til prisen eg betalte då eg kjøpte hytta. Sjølv om eg er ordførar, må eg, på lik linje med andre innbyggjarar og hytteeigarar i kommunen, ha rett til å klage, seier Trude Brosvik.

Omsetnadspris

– Så langt har vi fått inn rundt 400 klager vi meiner er reelle. Langt dei fleste kjem frå hytteeigarar, opplyser rådgjevar Kjell Reigstad i Gulen kommune.

Prinsippet som skal liggje til grunn for innkrevjing av eigedomsskatt er salspris. Gulen kommune har gått gjennom omsetnadstal for eigedomar dei tre siste åra. Basert på dette har dei kome fram til ein kvadratmeterpris på 12.600 kroner for hytter og 7000 kroner for einebustader. Fritidshus går med andre ord for nesten dobbelt så høg pris.

– Ja, Gulen er ein typisk hyttekommune. Vi har eit veldig godt døme i desse dagar. For nokre veker sidan gjekk ein fritidsbustad på 70 kvadratmeter i hyttefeltet ved Soleibotn for 2,1 millionar. I byggjefeltet i Eivindvik sentrum, ein god kilometer frå Soleibotn, har ein einebustad på 120 kvadrat vore til sals ei god stund. Huset er ni år gammalt, og prisen er 1,3 millionar. Ingen har lagt inn bod, seier Reigstad.

Konkurrerer i toppsjiktet

Sjølv om det er svært vanskeleg å samanlikne nivået på eigedomsskatt mellom kommunar, har Gulen og mellom andre Tysnes og Fitjar lagt seg i det desiderte toppsjiktet for innkrevjing av skatt på fritidsbustader.

Tysnes har laga ei inndeling som differensierer. Ein eigar av ei fritidseigedom med strandlinje blir skattlagt etter ein kvadratmeterpris på 16.800 kroner. Minst hytteskatt må dei ut med som har ein fritidseigedom meir enn ein kilometer frå sjø. Då er kvadratmeterprisen 9450 kroner.

Skattenivået i hyttekommunane på Vestlandet kan måle seg, og vel så det, med Sør— og Austlandet.

I Kragerø, rekna som sjølve indrefileten for folket frå Montebello, må du ut med 1050 kroner for ei hytte verd ein million i året. I Gulen kostar millionhytta eigaren 2375 kroner i skatt.

Store hyttekommunar i innlandet, som Trysil og Ringebu, har lagt seg på langt meir smålåtent nivå. I Gjøvik, som Skattebetalarforeningen ofte har halde fram som ein versting på eigedomsskatt, er kvadratmeterprisen for hytter 6000 kroner. Av dei kommunane Bergens Tidende har undersøkt, ligg berre Øyer, med Hafjellområdet, høgare.

Leiger ut

Ein av klagarane i Gulen er altså kommunens eigen ordførar. Ho er nemleg også hytteeigar.

– Eg kjøpte ei hytte frå eit dødsbu. I dag leiger eg denne ut til ein slektning, seier Brosvik.

– Korleis har du vore med å handsame desse sakene i Gulen?

– Eg var med på vedtaket der kommunestyret sette skatten til 2,5 promille. Alt anna er handtert av kommunalt tilsette og ei eiga nemnd.

Brosvik seier ho er overtydd om at både ho sjølv og dei kring 400 andre som har klaga, skal få ei grei og rydding klagehandsaming.

– Dei tilsette har gjort ein fantastisk jobb med denne saka. Andre kommunar leiger inn konsulentar for millionar av kroner når dei skal innføre eigedomsskatt. Her har vi gjort det sjølve. Så langt eg kan sjå, er resultatet svært bra.

– Ved å leggje seg så høgt, kan ikkje Gulen prise seg ut av hyt¬temarknaden?

– Eg trur ikkje det. Eg veit at dei som har jobba med dette, har samanlikna med andre kommunar på Vestlandet. I snitt ligg vi omtrent på same nivå som område vi naturleg kan samanlikne oss med.

Verdien

Gulen-ordføraren er ein typisk klagar. For ifølgje rådgjevar Kjell Reigstad er det ikkje kronene folk må betale det er innvendingar mot.

– Dei fleste reagerer på verdifastsetjinga, ikkje på promillesatsen vi har lagt oss på. Eg trur mange rett og slett ikkje er klar over kor stor verdi dei sit på. Mange bygde seg hytte på 1980-talet og la ut 500.000 kroner. I dag er verdien halvannan million, kanskje meir.

– Kor lang tid vil kommunen trenge på å handsame 400 klager?

– Vi håpar å vere ferdige i haust ein gong.

KLAGAR: Ordførar Trude Brosvik er blant dei som har klaga på eigedomsskatten. ARKIVFOTO: JOHN LINDEBOTTEN