Det blir truleg utfallet av nederlaget i kommunestyret torsdag for Innbyggjarinitiativet for Sunde som ferjeknutepunkt mot Stord.

— Saka er ikkje tapt. No må vi setja oss ned og telja opp kor mange som er villige til å arbeida vidare politisk, seier Robert Jakobsen og Einar Saghaug i Innbyggjarinitiativet. Dei har frist på seg til 31. mars med å finna 200 namn til å stå på ei kommunevalliste.

Tapt kampsak

Sist gong Kvinnherad fekk eit protestparti, i 1991, kom Tverrpolitisk samlingsliste inn i kommunestyret som valvinnar. Kampsaka - nei til Folgefonntunnelen - tapte dei. Men gruppa har site med ordføraren (Bjarne Berge) sidan valet i 2003.

Innbyggjarinitiativet samla sist haust over 3000 personar bak kravet om å velja Sunde som ferjestad framfor Ranavik på Halsnøy når Halsnøytunnelen står ferdig tidleg i 2008.

— Det blir nok verre å få dei same tre tusen til å stemma på oss. Vi må ha andre samferdslesaker å kjempa for enn ferja, og det må ikkje berre vera kverulering, seier ferjematros Robert Jakobsen.

27 - 18

Med 27 mot 18 røyster avviste Kvinnherad kommunestyre innbyggjarinitiativet for Sunde.

Ranavik blir - som i stortingsvedtaket for Halsnøysambandet - ståande som einaste ferjestø for Stord-ferja. Det gir også kortast seglas over Klosterfjorden. Hovudutfordringa blir no å finna midlar til å opprusta vegen over Halsnøy til og frå Ranavik.

— Vårt arbeid vidare avheng også av korleis politikarane på Stord ordnar seg. Blir det eit nytt ferjestø der som gir kortare overfart til Kvinnherad, så er Ranavik eit greitt nok alternativ på denne sida, seier Robert Jakobsen.