TERJE ULVEDAL

Eit brev frå motstandarane blei overlevert Voss kommune før møtet i formannskapet sist veka.

— Vi vil motsetje oss ei kvar utviding av noverande reguleringsplan, er hovudkonklusjonen. Dei sju grunneigarane og rettigheitshavarane krev også heilskaplege og detaljerte utbyggingsplanar for området. - Det er først og fremst omsynet til naturbruken og den frie ferdsla vi har vore vane med i dette området, som gjer at eg er kritisk. Det vil bli store endringar på det no, seier gardbrukar Arne Bystøl. Han er ein av dei sju som tek til motmæle.

Voss Fjellandsby marknadsfører seg sjølv som største enkeltprosjektet innan turistsektoren på Vestlandet.

Så langt er 60 av 350 godkjende hytter og fritidshusvære ført opp. Det er bygt skitrekk for barn og eit 1500 meter langt trekk med høgdeskilnad på 400 meter. Til sommaren startar arbeidet på det tredje trekket, to husværekompleks med til saman 24 bueiningar og varmestove med servering.

Men utvidingsplanane er storstila, og går langt ut over det som er gjort og skal gjerast i år. Stikkord er utbygging til seks skiheisar, 20 nedfartsløyper og eit landsbysenter med butikkar, restaurantar og opplevingsaktivitetar. To av dei nye skiheisane skal gå langt opp mot den knapt 1400 meter høge Finnbunuten, og kjem dermed nær grensa til landskapsvernområdet i Stølsheimen. Voss Fjellandsby skal også ha signalisert ytterlegare utbyggingsplanar.

Eigarane av grunn- og beiterettar meiner dei to trekka nær Finnbunuten blir plasserte svært nær rasfarleg område.

— Dette opnar for skiaktivitetar inn i dette utsette området, meiner Bystøl. Han er også oppteken av ein villreinstamme som brukar områda rundt Finnbunuten til beite vår, sommar og haust.

Voss formannskap sa før helga i praksis ja til sommarens utbyggingsplanar, der eitt nytt skitrekk på ein kilometer er hovudingrediensen. I tillegg er det også gitt løyve til å starte arbeidet med ein utvida reguleringsplan. Men politikarane på Voss oppmodar samstundes om at det i samband med ytterlegare utviding blir laga ein heilskapleg plan for området. Ifølgje ordførar Bjørn Christensen er vedtaket endeleg, og saka skal dermed ikkje fram for kommunestyret.