— Vi er gjort kjend med at konsesjonen for sambandet Halhjem-Sandvikvåg kan gå til eit selskap som vil nytta gassferjer med 50 minuttars overfartstid, skriv Samarbeidsrådet i eit kvast brev til samferdsleminister Torild Skogsholm.

— 50 minuttar kan vi ikkje godta, skriv Samarbeidsrådet, som krev at dei nye gassferjene må gje ein stor tidsgevinst i tillegg til miljøgevinsten ved å nytta gass.

Det har heile tida vore snakk om gassferjer som kan kutta overfarten Halhjem-Sandvikvåg frå dagens 50 minuttar til 35 minuttar. Då er det nok med tre ferjer i sambandet, mot fire i dag.

Samarbeidsrådet bed om eit møte med samferdsleministeren for å drøfta denne saka.

Etter det Bergens Tidende kjenner til, er det berre to selskap som konkurrerer om konsesjonen på Halhjem-Sandvikvåg. Det er HSD saman med Stavangerske, og Fjord 1.

Dei to selskapa leverte inn sine tilbod til Vegdirektoratet innan fristen 3. september. HSD/Stavangerske leverte inn tilbod på ein pakke som omfatta både Halhjem-Sandvikvåg og Arsvågen-Mortevika på E39 mellom Bergen og Stavanger.

Selskapet vil nytta tre nye gassferjer mellom Os og Stord og to nye gassferger på Boknafjorden.

Avgjerda om kven som får konsesjonen er venta kvar dag som helst.

I 2005 og 2006 skal det brukast 174 millionar kroner til ombygging av ferjekaiane på Halhjem og Sandvikvåg for å ta i mot dei nye gassferjene, som vert mykje lengre enn dagens ferjer.