— Dette blir eit formidabelt inngrep. Det vil gå rett gjennom hjartet av fjord-Norge, seier ordførar Bjørn Lødemel i Hornindal.

Høgreordføraren i Nordfjordkommunen har markert seg som sterkaste talsmannen mot gigantlina, som først og fremst skal byggjast for å sikre kraftsituasjonen i Møre og Romsdal. Og sjølv om hans eigen kommune ser ut til å vere berga frå inngrep, vil ikkje ordføraren leggje ned stridsøksa:

— Vi må få ein politisk debatt på høgaste nivå om å leggje slike liner i kabel, seier Lødemel.

Konsesjonssøknaden for kraftleidningen blei presentert på eit møte i Hornindal i går. Leidningen skal gå frå Fardal i Sogn til Ørskog på Sunnmøre. Det vil bli ei line på frå 250 til 300 kilometer, avhenging av kva alternativ som blir valt.

Statnett presenterte i går fleire alternativ, men rår til det billegaste. Frå Fardal i Sogndal til Høyanger skal lina stort sett følgje eksisterande trasé på nordsida av Sognefjorden. Lina som går der i dag skal rivast.

Frå Høyanger skal leidningen gå vidare nordover gjennom Gaular til Moskog i Førde. Vidare nordover vil Statnett gå via Naustedalen og Gloppen til Ålfoten i Bremanger. Får Statnett viljen sin, vil dei i denne delen av fylket både gå gjennom og like ved urørte naturområde. Mellom anna er Statnetts plan å byggje mellom breane i Ålfoten.

Statnett lanserer eit alternativ om Eikefjorden i Flora, altså lenger vest i Sogn og Fjordane, med rår frå dette fordi det blir ein god del dyrare.

Frå Ålfoten skal Nordfjorden kryssast, så vidare til Leivdal i Eid kommune, over Stigedalen og over Sunnmøre til Ørskog aust om Ålesund.

Konsesjonssøknaden som blei presentert i Hornindal, ligg alt på bordet hos Norges vassdrags- og energidirektorat. Går det som Statnett håpar, kan handsaminga vere ferdig neste år. Då vil leidningen kunne stå ferdig bygd i 2011. Kostnaden er to milliardar kroner.