Flora formannskap ber no om at omsorgstenesta i kommunen finn ein annan stad for å byggje opp eit hjelpeapparat kring mannen. Politikarane meiner den sterke striden saka har skapt, gjer øysamfunnet ueigna. Avgjerda blei tatt i eit møte som gjekk for stengde dører tysdag ettermiddag.

Mannen er straffedømd fleire gonger. Han har no sona ferdig og er innanfor det psykiatriske hjelpeapparatet. Det vekte sterke reaksjonar blant øyfolket etter at det blei kjent at Helse Førde og Flora kommune ville byggje opp eit omsorgstilbod kring mannen i den tidlegare lærarbustaden i Rognaldsvåg på Reksta.

Folk på øya har argumentert med at mannen vil skape frykt i eit sårbart øysamfunn med kring 100 innbyggjarar, at plasseringa like ved skulen er svært uheldig og at det er langt til det andre hjelpeapparatet i kommunen.

Då Bergens Tidende omtalte den spesielle saka tidlegare i vinter, sa Olav Steimler, ein av dei som har engasjert seg sterkt mot at mannen skulle få slå seg ned i lærarhusværet, at konsekvensen ville bli at familiar kom til å flytte frå øya.

— Det er ikkje mannen vi fryktar, men at systemet som skal byggjast opp rundt han vil svikte. Eg kan heller ikkje skjøne at det er verdig å plassere han i eit lite bygdesamfunn der han automatisk vil bli stigmatisert, sa Steimler.

Det har vore fleire informasjons- og folkemøte om saka, og aksjonane førte altså til slutt fram. Politikarane gav på møtet tysdag klare signal om at det må byggjast opp eit omsorgstilbod rundt mannen på fastlandet i Flora.