– Det må ikkje byggjast veg i Ljosandalen, uttalar dei to organisasjonane.

Dei reagerer etter tips frå hytteeigarar i Mjølfjellstraktene.

Knapt fleirtal

Utval for miljø og kultur i Voss kommune har med fem mot fire røyster gitt Borgarbu veglag løyve til å byggja ein stølsveg på 1,4 kilometer til stølen Borgarbu i Ljosandalen. Søknaden fortel om tre meter vegbreidd pluss grøft, kostnad på 350.000 kroner og tilgang på beitefôr verd meir enn 1,5 millionar kroner.

Ljosandalen er ein av dalføra som leier inn mot Grindaflethytta til Voss Utferdslag, lokallaget til Den Norske Turistforening (DNT).

Inngrep

Naturvernforbundet Hordaland og DNT-tilknytt Bergen Turlag meiner at den planlagde stølsvegen vil gje eit uakseptabelt tap av inngrepsfri og villmarksprega natur, og ha negative konsekvensar for friluftslivet. Dei meiner dessutan at vegen har lite å seia for rasjonell buføring, tilsyn og sanking i det 25.000 mål store fjellbeitet. Derimot kan vegen verta ei brekkstong for anna utbygging.

Dei ber om at Fylkeslandbruksstyret set til side Voss kommune sitt vedtak.