Kvam herad seier ja, og det same gjer Fylkesmannen si miljøvernavdeling. Men Naturvernforbundet i Kvam protesterer mot at ein grunneigar har fått grønt lys til å setje opp kårhus i eit landskapsvernområde i Tørvikbygd.

Lokallaget hevdar at både Fylkesmannen og lokalpolitikarane har gjort seg skuldige i ei rekkje alvorlege sakshandsamingsfeil, og vil ha vedtaket omgjort.

— Vi trudde vi kunne stole på at eit verna område er verna for all framtid, seier styremedlem i Naturvernforbundet i Kvam, Gunnar Furre.

— Då er det mildt sagt undarleg at miljøvernavdelinga, som skal kontrollere at vernereglar blir følgde, gjev dispensasjon. Mens Kvam herad på si side signaliserer at no er det fritt fram: Alt er lov, det er berre å søkje.

- Privatisering

Saka har versert i systemet sidan 1986, og gjeld bygging av eit privathus i Berge Landskapsvernområde. Området er mykje brukt av natur- og kulturinteresserte, og er eit populært utfartsmål for folk i nærområdet.

Første gong grunneigaren fekk positivt signal på søknaden om å setje opp eit kårhus her, var i 1990. Huset skulle stå i utkanten av gardstunet, som ligg i landskapsvernområdet, men vart aldri bygd.

I fjor søkte han på nytt. Då ville han setje opp huset innanfor 100-metersbeltet i strandsona, der det normalt er byggjeforbod. Både Fylkesmannen si miljøvernavdeling og heradstyret i Kvam har vore positive til søknaden.

— Dette er den mest problematiske plasseringa som det er råd å tenkje seg, og inneber at ein del av landskapsvernområdet blir privatisert. I praksis kjem store delar av området til å bli sperra av.

- Strir mot vanleg praksis

Dette synet deler ikkje ordførar i Kvam, Martin Vik (Sp). Derimot stiller han seg undrande til at Fylkesmannen si miljøvernavdeling ga grunneigaren dispensasjon frå vernereglane, utan å ta Kvam herad med på råd først. Etter hans meining er dette i strid med vanleg praksis.

— At fagfolk hos Fylkesmannen gjorde sine vurderingar før saka vart behandla i heradstyret, kan vere noko av årsaka til at eit stort fleirtal røysta positivt, seier Vik til BT. Også Fylkeskonservatoren i Hordaland går sterkt imot at kårhuset blir oppført i strandsona. Klagen frå Naturvernfor-bundet i Kvam skal behandlast av heradstyret etter ferien.