Den store, kvite trebygningen i åsen over Jondal sentrum kviler i gul novembersol. Opprinneleg var huset bygd som tuberkulosesjukehus i 1933, men har sidan slutten av 50-talet husa menneske med psykiske lidingar.

I dag er Jonatunet ei open døgnavdeling i Folgefonn distriktspsykiatriske senter med atten plassar. Men frå nyttår vil Helse Fonna halvere tilbodet. Eller omstrukturere, som det heiter. Ni plassar skal flyttast til Valen sjukehus i Kvinnherad. Vedtaket møter protestar.

— Ei logisk kortslutning, meiner jondøl og leiar i Hordaland Senterparti, Sigrid Brattabø Handegard.

— Det er uklokt å legge ned godt fungerande plassar i Helse Fonna, når psykiatrikøen i Helse Vest er så lang.

Pasientar og bygdefolk

Frå vinduet med kvite heklegardiner i daglegstova er det vid utsikt over bygda. Psykiatriske pasientar har i årevis vore eit kvardagsleg innslag i Jondal.

Ingen ser rart på dei her.

Bygdefolk helsar på butikken, og pasientane er flittige brukarar av basseng og bibliotek, kulturskule og hardangernatur.

Nokre pasientar er her i årevis, andre berre nokre månadar. Jonatunet tilbyr både kort- og langtidsbehandling, rehabilitering og avlasting. Pasientar frå sju kommunar samt Valen sjukehus kjem hit med diagnosar som schizofreni, angst og depresjon.

Er det ledig kapasitet, tek Jonatunet også imot pasientar frå blant anna Helse Bergen.

- Kan ikkje lyge

Nede på kaien klappar MF «Jondal» igjen gapet. Ferja legg ifrå. Ved nyttår må fleire reise frå bygda, men førebels veit ingen til kva.

Nokre hamnar truleg på Valen sjukehus, andre på sjukeheimar, i bufellesskap eller i eigne kommunale husvære.

— HVPU-reforma blir berre blåbær i forhold. Mange pasientar kjem til å bli einsame og overlatne til seg sjølv. Konsekvensane både for dei og samfunnet kan bli heilt andre denne gongen, hevdar Brattabø Handegard overfor BT.

— Det er mest ikkje til å tenkje på, seier psykiatrisk sjukepleiar Liv Lindskog, som har jobba på Jonatunet sidan 1986.

Jonatunet har drøyt 24 stillingar, og dei fleste tilsette er vidareutdanna innan psykiatri. Dei har visst om nedbygginga sidan april, og vedtaket har også kome pasientane for øyra. Reaksjonane har vore sterke.

Trekte for gardinene

Ein mannleg pasient lukka seg inne på rommet, og trekte for gardinene. Han håpa at ingen skulle sjå han, så han vart gløymd og kunne fortsetje å bu her.

Ein annan gjekk på butikken og kjøpte bollar. Heldt han seg med mat sjølv, ville Jonatunet få råd til å oppretthalde tilbodet, tenkte han.

— Slikt gjer noko med oss. Det opplevest alltid dramatisk for psykisk sjuke å flytte, men vi kan ikkje love dei noko eller lyge for dei, seier psykiatrisk hjelpepleiar Evelyn Ledahl til BT.

No oppfordrar Sp-leiaren i Hordaland leiinga i Helse Fonna til å stoppe opp og tenkje seg om.

— Legg vekk prestisjen, og høyr på dei som står nærmast pasientane! Å drive helseføretak etter økonomiske prinsipp blir heilt feil, meiner Brattabø Handegard.

Ho stiller spørsmål ved dei vasstette skota mellom føretaka i Helse Vest, og ber Helse Fonna om å vente med å setje i verk vedtaket inntil Plan for psykisk helsevern er evaluert.

Tilsette ved Jonatunet gir henne støtte.

  • Kommunane kjem til å få det kjempetøft. Dei anar ikkje kva dei har i vente. Det kjem til å bli mange førstesider på grunn av desse skjebnane.