Fleire kvinner kom i bunad til tirsdagens rettsmøte. Av dei var det Marta Nerhus si nasjonaldrakt som skilde seg ut. Blant syljer og Hardangersaum stod masteprotesten fint brodert.

Vers i protest

— Eg kunne ikkje ta på meg den kvite reine skjorta. Eg måtte finna på noko for å visa kor forferdeleg galt vedtaket om mastebygginga er, fortalde ho før rettsaka starta i dagtidleg.

Ho hadde tatt på ei svart skjorte der nokre linjer frå diktaren Olav H. Hauge står brodert inn i kragen.

Du skal ikkje tru på alt for det om det er lov. Skulle alle det gjera, verdi snart snorkesov , siterer ho.

Poesi og opprør

Forkleet var kvitt og reint, så der måtte det også broderast. Ho laga eit lite dikt sjølv:

Menn går gjennom landet med store skor,

millionar i blikket.

Bøen bestemor raka,

fjellet sauene beita,

fjorden der diktaren drøymde,

brudefølgjet målaren måla.

Alt trampar dei ned.