Av Ove Arne Olderkjær

— Eg trur ikkje det blir mindre råkøyring på vegane før politikarane legg forholda til rette i kontrollerte former. På crossbane kan ungdom få utløp for aggressiv køyring, seier Jørn Kvamme til Bergens Tidende.

I 1986 blei Kvamme hardt skadd i ei motorsykkelulukke på Sunde ved Husnes i Kvinnherad. Han var passasjer på den raske sykkelen og måtte amputera venstrebeinet under kneet, den to år eldre kameraten som køyrde miste livet på staden.

Seinare har Jørn Kvamme gjort det til levebrød å skaffa protesar til folk i tilsvarande situasjon og til andre. 34-åringen driv firmaet Ortopro AS i Bergen.

Øver seg på veg

— I fleire ungdomsmiljø gir det enno status å skaffa seg bilar med kraftigast mulig motor. Og sjå på fjernsynsprogrammet Autofil, der er det dei kvassaste bilane som blir viste. Folk øver seg i å køyra fort på vegane, fordi dei ikkje har andre stader, seier Jørn Kvamme.

Kvamme er i dag familiemann med tre born, og køyrer rundt i ein Volvo. Han tok sertifikat som 18-åring, dreiv øvingskøyring på vinterføre kort tid etter ulukka.

— Det var fleire alvorlege motorsykkelulukker i Kvinnherad på den tida. Eg var med på å køyra crossykkel rundt om i terrenget, men vi blei kjeppjaga over alt og politimelde. Vegen blei vår einaste arena, fortel Kvamme.

Fekk ein støkk

— No tenkjer eg mindre og mindre på ulukka. Men då eg fekk vita om det som hende på Husnes denne veka, fekk eg ein liten støkk. Eg tenkte: kjenner eg dei?

— Heller ikkje når eg køyrer bil tenkjer eg særleg på ulukka eg var med på. Alvorlege ulukker treng altså ikkje nødvendigvis gå inn på dei som er ramma. Eg trur óg at det har liten effekt på unge at slike som eg dreg rundt på skular og fortel om det vi har opplevd. Dei fleste høyrer ikkje etter, meiner Kvamme.

Kvamme gjekk i røyrleggjarlære då han som 17-åring miste foten i mc-ulukka. Med ny protese fatta han interesse for teknologien bak kunstige lemer, og tok i 1989 til å jobba på verkstaden til protesemakar Drevelin AS i Bergen. For to år sidan etablerte han sitt eige ortopedifirma i byen.

<b>TRAFIKKOFFER:</b> Jørn Kvamme (34) mista venstrebeinet i ei motorsykkelulukke i Kvinnherad der høg fart var medverkande årsak. I dag lever han av proteseleveransar, og meiner lukka baner er beste vern mot råkøyring i trafikken. <br> FOTO: ARNE NILSEN