I tillegg er brorparten av materiellet som er nytta ved ortopediklinikken kjøpt inn frå ein leverandør som Helse Førde ikkje har innkjøpsavtale med. Dette selskapet, Braun Medical AS Norway, var lenge det einaste på den norske marknaden som leverte protesar som kunne brukast ved datastyrt navigering.

Omfanget, og at det er handla frå ein leverandør utan avtale, er etter det Bergens Tidende kjenner til viktigaste årsakene til granskinga som no er sett i gang.

Avtaler med fire

Sjukehuset i Sogn hevdar på si side at Helse Førde har vore fullt ut informert om innkjøpa, like sidan overlege Truls Jellestad tok til å operere med den spesielle metoden computerstyrt navigasjon for to år sidan.

— Dette har vore diskutert fleire gonger, mellom anna i budsjettprosessane i Helse Førde, seier Jellestad.

Ifølgje innkjøpssjef Per Scott-Olsen har Helse Førde avtale med fire ulike firma for innkjøp av protesar. Braun Medical er altså ikkje på lista.

I tillegg til å følgje eigne avtaler og reglement, skal helseføretaka også følgje lov om offentlege innkjøp. Denne slår fast at innkjøp over 1,7 millionar kroner (eksklusiv meirverdiavgift) skal lysast ut i EØS-området. Summane det er snakk om til materiell og utstyr i Lærdal, går langt over grensa for internasjonal anbodskonkurranse.

Betalt i 27 månader

Både overlege Jellestad og Braun Medical seier Helse Førde aldri har kome med signal om at dette var ulovleg. I ei pressemelding som proteseleverandøren sende ut i går, skriv selskapet at dei i 27 månader har fakturert Helse Førde for implantat, utan at dei har fått noko tilbakemelding på at dette ikkje var etter boka.

— Eg har ikkje sett det som mi oppgåve å setje meg inn i alle reglar og avtaler som gjeld for innkjøp. Eg har teke det som sjølvsagt at dersom vi gjorde noko gale, ville arbeidsgjevaren gje oss tilbakemelding på det, seier Truls Jellestad.

Betalt frå Førde

Ved sjukehuset i Lærdal reagerer dei på at Helse Vest i pressemeldinga som blei sendt ut torsdag ettermiddag fokuserer sterkt på Lærdal, medan alle utbetalingar blir gjort gjennom Helse Førde.

Alle fakturaer endar på rekneskapskontoret i Førde. Systemet vidare er slik at rekninga skal sendast elektronisk til den som har gjort innkjøpet, slik at vedkommande får kvittere på at varene er bestilt og mottekne. Deretter går fakturaen tilbake til betaling.

— Eg kan ikkje hugse å ha attestert på noko, seier overlege Jellestad.

Ingen kommentar

Ortopediklinikken høyrer inn under kirurgisk klinikk i Helse Førde. Dersom det har skjedd noko feil, meiner tilsette Bergens Tidende snakka med i Lærdal i går at ansvaret til sjuande og sist må vere hos leiinga for kirurgisk klinikk. Det lukkast i går ikkje Bergens Tidende å få kontakt med klinikkdirektør Anne Margrethe Øvsthus.

— No er vi nøydde til å late revisorane gjere jobben med å undersøke denne saka. Det ville ikkje vere rett av oss å uttale oss så lenge denne granskinga går føre seg, seier informasjonssjef Vidar Vie.

Revisorarbeidet tek til måndag. Då kjem Helse Vest til Lærdal for å starte gjennomgangen av innkjøpspraksisen.

Alle operasjonar som skulle skjedd måndag og tysdag er avlyste. Dei tilsette får ikkje lov til å bruke utstyret før det er avklara om det er skjedd brot på lover og reglement.

Øystein Torheim