Prost Geir Sørebø er for tida prost både i Nordhordland og Ytre Sogn. Han meiner kyrkja ikkje lenger kan halde fram med å leggje ned prestestillingar og kutte i aktivitet, medan store summar går til å halde ved like bygg som står ubrukte store delar av tida.

— Mange av kyrkjebygga er dyre å halde i drift og lite tenlege til dagens behov. Kva vi skal gjere med mange av dei, vil bli ei stor utfordring i tida som kjem.

Elendig økonomi

I dagens papirutgåve av Bergens Tidende seier prosten at han er villig til å akseptere nedlegging av kyrkjer:

— Om det går så langt at det nesten ikkje er folk att i området, så meiner eg det, ja. Ser vi historisk på det, har kyrkjer ofte blitt flytta. I Ytre Solund er kyrkjestaden endra tre gonger. I mellomalderen var det Utvær. Så blei kyrkja flytta til Husøy. No har Straumen vore kyrkjestad i meir enn 100 år. Den gongen tok kyrkja omsyn til mobiliteten i samfunnet, det må vi også i vår tid.

Prosten veit at utspelet er kontroversielt. Kjenslene kring kyrkjebygga er sterke. I nyare tid har det ein gong kome framlegg om å rive eit gudshus utan å byggje noko nytt. I 2004 gjekk soknerådet i Hyllestad inn for å rive Øn kapell. Huset var i dårleg forfatning, og hadde i fleire år vore lite brukt. Elendig økonomi gjorde at kommunen ikkje greidde å halde forsvarleg standard på kyrkjebygga.

Samla pengar

— Folk syntest det var så trist. Dei tykte det var for gale å rive det forfedrane hadde bygt opp, seier Reidun Fleten.

Ho var kyrkjetenar, og sette seg på bakbeina. Fleten bad kyrkjas leiarar svare på kor mykje som trengdest for å berge det rivingstruga kapellet. Svaret var 200.000 kroner, då skulle dei sjå på saka på ny. Kyrkjetenaren starta innsamlingsaksjon. Folket som sokna til kapellet opna lommebøker og bankkontoar.

— Det var velvilje med ein gong. På ein månad hadde vi fått inn det vi trengde.

Sju år seinare har Reidun Fleten framleis kvitteringa for pengane som blei overført. Den viser at sluttresultatet blei på 200.096 kroner.

Kapellet fekk nytt sakristi, og toalettilhøva blei utbetra. Utvendig blei det bygt rullestolrampe, og bygget står no fram i nymåla drakt.

- Færre trufaste

Tal frå Kyrkjedatabasen (2009) syner at det er god plass i kyrkjebenkene på vanlege gudstenester i Bjørgvin. Færrast kjem på søndags- og helgedagspreike i nokre av kyrkjene i prost Sørebøs eige prosti - Hersvik og Husøy i Solund Sokn. Men også kyrkjer i Sunnhordland, som Varaldsøy og Ænes i Kvinnherad og Reksteren på Tysnes, har få faste kyrkjegjengarar. Oppmøtet kan derimot vere stort på julegudsteneste.

Ifølgje siste årsmeldinga til Bjørgvin bispedømme går talet på gudstenester nedover. Same skjer med det gjennomsnittlege frammøtet. Sjølv om trusopplæringa dreg nye grupper til kyrkja, aukar ikkje oppslutnaden om høgmessa på sundagen.

— Det ser ut som om kjernekyrkjelyden av trufaste kyrkjegjengarar over år anten er blitt mindre eller så går dei sjeldnare, heiter det i årsmeldinga frå biskopen i Bjørgvin.

- Dyre bygg

I Solund står ei av dei minst besøkte kyrkjene i Bjørgvin. I Hersvik kyrkje har det hendt at gudstenester har blitt avlyste, fordi det ikkje kom folk i det heile.

— Det er annleis å leggje ned kyrkjer enn skular, seier Bjørn Magne Hansen, sokneprest i øykommunen.

Så mange viktige hendingar i livet knyter folk til Guds hus. Her er dei døypte, konfirmerte og vigde. Og ein gong skal dei førast til grava.

— Eg trur debatten kjem, men han ligg 20 år fram i tid, meiner kyrkjeverje i kommunen, Venke Kollbotn.

Men på Tysnes støttar sokneprest Marit Isaksen Espedalen prosten. På halvøya Reksteren står ei særmerkt gulmåla kyrkje. I år blei soknet slått saman med nabosoknet, fordi ingen ville stille til val i soknerådet. Gudstenestene held derimot fram som før. I snitt møter færre enn fem, men talet kan auke noko når hyttefolket er heime.

- Kva tenkjer du om nedlegging av lite besøkte kyrkjer?

— Eg tenkjer vi må ta debatten, og vurdere kva vi vil med kyrkjene i framtida. Verda endrar seg, kyrkjene er dyre bygg å ha til pynt, seier Espedalen.

Kva meiner du om nedlegging av kyrkjer? Sei di meining.