• Neei, «Queen Elizabeth» er forseinka! Servitør Lisbeth Moberg har lettare panikk. Når ni tilsette har 400 cruisegjester til lunsj, er det dårleg med slingringsmonn.

— Okay, no kjem dronninga. Takk Gud for det.

Lisbeth står med hovudet ut inngangsdøra på Sandven Hotel i Norheimsund, og dreg eit lettelsens sukk. Siste buss på første bordsetning er på plass femten minutt etter skjema. I alt ni bussar har lunsjstopp på det snart 150 år gamle hotellet denne dagen. Det er på grensa til kva eit lite hotell som Sandven toler.

— Welcome!

Hotelldirektør Tron Bach set opp sitt finaste turistsmil idet gjestene kjem hoppande inn døra. Som sjølvutnemnd flyvertinne er det hans viktigaste oppgåve å helsa turistane velkomne, samt visa veg til matfatet. Turistane helsar utolmodig, men blidt, tilbake og lar seg meir enn gjerne geleida til buffeen.

Kjøkkenstresset

Vel inne i spisesalen byrjar turistane sin stillferdige kamp om dei beste plassane. Vindaugsplass med fjordutsikt er det mest ettertrakta. Guidane gjer sitt beste for å fylla opp eitt og eitt bord.

— Det er éin plass ledig her. Anyone?

Ein guide ser bedande på turistflokken sin, som disiplinert har stilt seg opp i ein rett kø i restauranten. Turistane gjer alt for å unngå blikket hans. Ingen seier noko. Ingen vil ofra seg.

På underleg vis går det seg likevel snart til, og alle får plass. Litt etter sit gjestene og småpludrar, medan dei forsiktig dyttar laks, eggerøre og karamellpudding inn på tunga.

Inne på kjøkkenet er tonen ein annan. Kjøkkensjef Martin Reinecke prøver å halda unna trøkket. Ferdig oppskoren gravlaks blir lagt på serveringsfat i ekspressfart, samtidig som brunsausen blir smakt på. Kjøkkenmedhjelparane Susanne Schwarz og Sairi Seene spring i skytteltrafikk med serveringsfat. Eggerøre og fårepølse unngår så vidt å krasja.

— Har me meir frisk salat?

Susanne småskrik til sjefen. Han svarer med å gli bortover golvet på salatjakt. Litt etter ligg salaten oppkutta og fin i bollen.

Éin harding

I oppvasken er det minst like hektisk. I dag er det britiske Michelle Eah som er sjefen.

— Alt må vaskast to gonger før neste bordsetning, fortel Michelle medan ho dreg håret bort frå ansiktet med oppvaskhansken.

Ho stablar dei skitne tallerknane i oppvaskkorga og spyler dei ein etter ein. Brun saus, majonesrestar og karamellpudding forsvinn ned i dragsuget. Oppvaskdampen virvlar ut i lufta og blandar seg med osen frå grytene. Damp, os og stress gjer at alle på kjøkkenet har raude roser i kinna.

— På sånne dagar som dette flyg tida. Eg likar energien, seier Michelle.

Ho hamna på Sandven fordi kjærasten Asle Haugland er frå Tørvikbygd. Dei møttest då Asle studerte i England, og har sommarjobb saman på hotellet i år. Asle er faktisk den einaste hardingen blant dei tilsette. Dei ni som er på jobb i dag er frå Tyskland, Estland, Irak, Storbritannia, Os, Bryne, Oslo og altså Tørvikbygd.

— Det er ei skam at eg er den einaste lokale, fleipar Asle.

Dei siste åra har stadig fleire cruiseturistar tatt lunsjstoppen på Sandven.

— I år reknar eg med å ta imot 8500 lunsjgjester. For eit par år sidan hadde eg berre 1500. No utgjer lunsjgjestene godt og vel 15 prosent av omsetninga, seier hotelldirektøren.

Han er likevel oppteken av at det ikkje skal gå utover servicen.

— Det er grenser for kor mange du kan få inn i ei folkevogn, for å seia det slik. Me har hatt 500 til lunsj éin gong i sommar, og det heldt hardt.

Klokkekampen

Klokka er blitt kvart over tolv. Fornøgde magar tuslar ut av spisesalen i eit langt rolegare tempo enn då dei kom.

I restauranten er det stille for ei stakka stund. Dei fem siste busslastene kjem om ein time. Her må det handlast. Servitør Azhee Schuani dekker på med nyvaska bestikk og kuverttallerknar, Lisbeth tar seg av glasa og hovmeister Harry Feldt brettar serviettar til den store gullmedalje. Klokka spring mot kvart over eitt.

— Jobba, jobba, jobba, folkens! Fem minutt så er dei her, hyler Lisbeth.

— Har me sååå mykje tid? spøker Harry tilbake.

— Glas, glas, me må ha fleire glas!

Servitør Karen Marie Tjøtta er rask på foten og spring etter eit siste brett med glas. Klokka 12.14 er alt på plass.

— Me er så vane med stresset. Trikset er å ikkje setja seg ned, å berre halda det gåande, seier Lisbeth.

— Men me er glade når september kjem, og det er åtte månader til neste gong, legg ho til.