- Bondhusbreen er ein av brearmane til Folgefonna der isen røyrer seg kjappast og er mest uberekneleg. Vi held oss unna breen her sidan området er for risikabelt for organiserte breturar, seier Åsmund Bakke, leiaren for Folgefonna breførerlag.

REAGERER: UiB-professor Atle Nesje meiner det er feil av turistforeininga å nytte slike bilete.

Det er eit bilete frå nettopp denne brearmen friluftsmagasinet Fjell og vidde, utgive av Den Norske Turistforeningen vel å illustrere sin breguide med i juniutgåva av magasinet.

På biletet står ein mann med ryggen tett inntil ei djupblå bretunge i eit bratt heng.

- I forkant av isblokka ligg det mindre isblokker som har rast ned, noko som syner at dette partiet av brefronten kan vere utsett for utrasing frå breen. Sidan isblokka ligg på eit så bratt underlag kan den potensielt rase ut, seier Atle Nesje professor ved Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen.

Han meiner signaleffekten av biletet er ille.

- Biletet gjev inntrykk av at det er trygt å opphalde seg i nærleiken av, eller under store isblokker som ligg i bratt terreng - det er det absolutt ikkje, seier Nesje.

Han reagerte sterkt då han såg biletet i Fjell og Vidde, og meiner det ikkje burde vore nytta i ein slik artikkel.

Har fått reaksjonar

- Vi har fått nokon reaksjonar på dette biletet, seier Helle Andresen.

Ho er redaktør for Fjell og Vidde og journalist bak den ni sider lange guiden.

- Tilbakemeldingane har stort sett gått på at dette var ein uheldig måte å framstille ferdsel på bre på, og det er klart det vert litt ekstra negativt når eit slikt bilete er knytt opp mot ein artikkel som skal fungere som guide til breferdsle.

Andresen synest det er uheldig om folk tolkar det som at turistforeininga stiller seg bak slik framferd i breområde.

- Vi er veldig oppteken av at ferdsla skal skje på ein trygg måte, og vi vurderer no å trykkje ei presisering med omsyn til dette biletet, seier Andresen.

Forebels har redaksjonens avgrensa seg til å trykkje eit svar på eit kritisk lesarinnlegg.

- Her minna vi mellom anna på at ein ferdast på eige ansvar, og at det er nødvendig å tileigne seg god nok kompetanse før ein legg ut på brevandring.

Redaktøren tek i det heile sjølvkritkk for at biletet kom på trykk.

- Eit bilete som dette er ikkje eigna for ein artikkel med generell informasjon om vandring på bre, det ser vi no i ettertid.

Sender farleg signal

 Åsmund Bakke, leiaren for Folgefonna breførarlag meiner det er liten tvil om at det må ha skjedd ein glipp hjå turistforeininga om dei trykkjer bilete av folk i farlege situasjonar.

UHELDIG: Åsmund Bakke, leiaren for Folgefonna breførarlag meiner det må ha skjedd ein glipp om turlaget har trykka bilete av farleg ferdsle.
øivind ask

-  Det er synd om bilete av risikoaktivetet frå utsette stadar som brefallet i Bondhusbreen kjem på trykk i eit turmagasin. Det er slike framstillingar av breaktivitet vi arbeidar for å motverke seier Bakke.

Bakke er sjølv på brevandring og har ikkje fått sett biletet, men meiner ut frå skildringa det kan minne om fleire andre tilfelle av ekstreme og dumdristige bilete frå breferdsle. Slike har ifølgje breføraren blitt meir og meir utbreidd i løpet av i dei seinare åra.

- Vi ser ofte at fotografar tek bilete av folk i farlige situasjonar, og at desse så vert nytta til marknadsføring av aktivitetar i naturen, seier Bakke.

Breførarlaget han er leier for tek aldri turistar med inn i verkeleg utsette delane av isen, og Bakke meiner det blir feil å skape eit inntrykk av at det er dette er alt brevandring handlar om.

- Vi unngår medvite å marknadsføre ferdsle i isen på denne måten. Det sender eit heilt feil og farleg signal.

Det har ikkje lukkast BT å få tak i fotografen bak det omstridde biletet.