Det var på fylkesvegen mot Otterdal i Hornindal kommune at den meiningslause ulykka skjedde ei laurdagsnatt sist i juli i fjor. Dei to brørne var heime hjå foreldra denne helga. Begge hadde besøkt den lokale puben på Grodås, og den korte bilturen heim enda djupt tragisk.

Høg promille

Klokka var litt før 03 om natta, og 32-åringen var eigentleg komen heim til foreldra sitt hus etter pub-besøket i Grodås i Hornindal kommune tidlegare på natta. Men då han oppdaga at den yngre broren ikkje var der, sette han seg i bilen og køyrde for å hente han.

Det var ei sommarnatt med tørr veg og opphaldsvær.

Etter rundt 600-700 meters køyring traff han broren, gåande langs vegen. Broren steig inn på passasjersida. Tiltalte snudde bilen og starta turen tilbake mot foreldra sitt hus. Nokre få hundre meter før dei var framme, gjekk det gale. 32-åringen miste kontrollen over bilen, traff ein jordvoll og tippa rundt.

Den tre år yngre bror hans vart kasta ut av bilen i rundvelten, og døydde på Haukeland Universitetssjukehus åtte dagar seinare.

Den omkomne 28-åringen var heime på sommarferie, og budde i Sortland kommune i Vesterålen. Der let han etter seg sambuar og to små barn.

Erkjente å ha køyrt

Ein times tid etter utforkjøringa viste blodprøva av 32-åringen eit alkoholinnhald på 1,97 promille.

I timane like etterpå var det tvil om kven av brørne som hadde køyrt bilen, men ifølgje politiet skal den tiltalte ha erkjent at han sat bak rattet. Dette skal ha skjedd då han vart avhøyrt i sjukehussenga, ikkje lenge etter ulykka. I dette avhøyret skal han også ha erkjent å ha køyrt med promille. Biltilsynet fann ingen tekniske manglar på ulykkesbilen, ein 1984-modell Audi 80.

— Dette er ei tragisk ulykke som verkar meiningslaus og uforståeleg. Men sjølve arbeidet med etterforskinga har vore relativt enkelt for oss, seier mannen som skal aktorere saka i retten, politiadvokat Terje Gjertsen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Tiltalen fra førstestatsadvokat Jan Hoel baserer seg på at 32-åringen har køyrt med promille og har helde for stor fart etter forholda. Mannen er tiltala etter paragraf 239, den såkalla bildrapsparagrafen. Strafferamma er på inntil seks års fengsel.

Tiltaltes forsvarar, advokat Thomas C. Jarning, ønskjer ikkje å kommentere saka overfor Bergens Tidende.