Politibetjent Geir Hatland frå Laksevåg lensmannskontor seier at to rusa sjåførar er to for mykje. Han er ikkje overraska over at promillesjåførane vart knipne tidleg på kvelden.

— Promillesjåførane kjem på alle tider av døgeret, seier politibetjenten til Bergens Tidende.

Hatland og kollegaer frå Laksevåg lensmannskontor gjennomførte den seks timar lange kontrollen saman med Biltilsynet.

Dei to mennene i 20-åra som fekk utslag på alkometeret, blei køyrt til politikammeret for utvida prøvar. Der fekk den eine konstatert ein promille på 0,26, og vart bøtelagt. Den andre hadde ein promille på 0,50. Han vart fråteken førarkortet og fekk bot.

Elles skreiv politiet ut 20 forenkla førelegg og 20 tekniske gebyr. 32 sjåførar fekk munnleg pålegg for feil bruk av lys og liknande. Totalt 586 bilar vart kontrollerte.

Biltilsynet skreiv ut 13 mangellappar, og sju bilførarar måtte traska vidare til fots etter at bilane deira vart avskilta.

Også i Salhus vart det gjennomført ruskontroll i helga. Det vart ikkje påvist promillekøyring.

ØRJAN DEISZ