Klokka var om lag eitt natt til laurdag, då politiet fekk melding om at ein bil var køyrd i grøfta.

— Karen køyrde av vegen mellom Voss sentrum og Palmafossen. Det var ein godt vaken kar og han vedgjekk å ha køyrd rusa, seier politioverbetjent Lars Fykse ved Voss lensmannskontor til bt.no.

Bilen fekk ein del skadar i smellen. Karen hadde førarkort. Det har han ikkje lenger.