Og dermed vart sogningen domfelt for å ha kjørt bil med solide 3 i promille.

For naboen som i tingretten fortalte at 40-åringen var klink edru like før kjøringa, han vart ikkje innkalla i tide for ankesaka.

Forsvarar Louis Anda vil no anke det han meiner er ein grov saksbehandlingsfeil inn for Høgsterett.

Vitne ikkje innstemna

— Det er opplagt at vedkommande skulle ha vitna i saka, seier 40-åringens forsvarar Louis Anda.

— Det var jo nettopp forklaringa til dette vitnet som var grunnlaget for frifinninga i tingretten. Derfor er det ein grov feil av politiet å ikkje innstemne vedkommande til ankesaka.

Men i dommen skriv lagmannsretten at partane er samde om å legge vitnets forklaring fra tingretten til grunn.

På same måte som tingretten, delte lagmannsretten seg i eit fleirtal og eit mindretal i skuldspørsmålet - men denne gongen bikka det i tiltaltes disfavør. Retten legg spesielt vekt på forklaringar frå vitne som meinte tiltalte snakka snøvlete og hadde ustø gange, og at han gav ulike forklaringar til politiet.

Fagdommarane og to meddommarar meinte det er heva over rimeleg tvil at tiltalte kjørte med svært høg promille.

Ein liter 96 på 50 minuttar

I tingretten meinte professor Jørg Mørland frå Folkehelsa at tiltalte knapt ville overlevd dersom han drakk så mykje og fort etter kjø-returen som han hevda. Overfor lagretten meinte professoren at det er teknisk mogeleg å konsumere ein liter sterk sprit på rundt femti minuttar, men lite truleg.

Det var i fjor sommar at politiet fekk melding om at mannen i 40-årsalderen tok ein kjøretur i Balestrand kommune. Mannen både sjangla og vingla, og gjorde så mange påfallande manøvrar undervegs at vitner varsla politiet.

Dei fann mannen heime i djup søvn, og blodprøva tatt ein times tid etter den mistenkelege kjøreturen viste 3,06 i promille. I retten hevda mannen at han hadde starta å drikke først etter kjøringa, og meinte å ha bælma i seg rundt ein liter heimebrent på den korte stunda.

Men lagmannsrettens fleirtal festa ikkje lit til denne forklaringa, og dømte mannen til 21 dagars fengsel utan vilkår og fem tusen kroner i bot.