— Dette er ein grovt urettferdig dom, felt på heilt feil grunnlag, sa professoren etter å ha fått opplese dommen kl. 14 i Bergen tingrett i dag. Han anka på staden.

Retten slår fast at kastet av eit ølglas inne på Skipperstuen i februar kunne fått katastrofale følger. Når skadene ikkje vart verre enn eit blodig kutt over eine auget, var det berre flaks, heiter det i dommen.

Professoren hevda i retten at glaset vart kasta i rein panikk, etter at dansken hadde knekt tommelen hans ut av ledd.

Han følte seg også truga på livet av ein venn av dansken, som skal ha sagt at han ville knuse medisinaren.

Dommarane har lagt til grunn at medisinaren og dansken var i eit basketak før glaset vart kasta, og at professoren vart utsett for ei lekamskrenking fordi han ikkje ville flytte seg for å sleppe dansken fram til bordet sitt. Men dette var ikkje grunn god nok til at professoren med godt samvet kunne kaste glaset, meiner retten.