— Det luktar politikk av EU-kommisjonens forbod mot at skipsfarten brukar våre termiske redningsvestar. Her er vikarierande motiv ute og går, sa dagleg leiar Grethe Sunde i Ålesund-bedrifta Regatta AS til NTB i går.

Ho viser til at ein britisk konkurrerande vest nettopp er lansert. Regatta var den første produsenten som leverte ein godkjent redningsvest tilpassa dei nye norske krava om isolerande evne. Dermed fekk dei i praksis monopol og ein lukrativ marknad i Noreg, praktisk tala utan konkurranse, då alle norske vestar skulle byttast ut etter Sleipner-ulykka.

Sjefen for arbeidet med tryggleiksutstyret i det britiske sjøfartsdirektoratet, David Ralph, avviser påstandane på det mest bestemte.

— Vi driv med tryggleik, ikkje politikk. Vi pliktar å seie ifrå når vi oppdagar eit produkt som ikkje oppfyller krava. Det gjorde vi med vesten som blei brukt om bord på Sleipner, og det har vi gjort no, seier Ralph til Bergens Tidende.

England var det første landet som støtta Noregs krav om å få fjerna Sleipner-vesten frå alle skip. Innvendingane var mange av dei same som dei har mot Regatta-modellen i dag.