— Folk er veldig flinke til å ta med seg papira sine. Det har ikkje vore køar, seier terminal- og marknadssjef Alf Sognefest ved Avinor Bergen Lufthamn.

Innsjekkinga godtek alle legitimasjonspapir der det både er foto og fødselsdato. Med gyldig pass og førarkort er du garantert at dette skal gå bra. Dei reisande bør derimot vere obs på at det slett ikkje er sikkert at bankkort med foto blir godteke.

— På fleire bankkort manglar fødselsdato, seier Sognefest.

Det har også vore ein del forvirring om reglane som skal gjelde for barn under tolv år. For ungar som reiser saman med foreldre, held det at dei går god for dei små. Dei treng altså ikkje eigen legitimasjon. Barn som skal reise åleine må gjennom spesielle prosedyrar som fangar opp legitimasjonsplikta.

GRUNDIG SJEKK: Tryggleikskontrollen på flyplassar er allereie omstendeleg. No må du i tillegg vise legitimasjon.
Arkiv