— Avgangen får ingen konsekvensar for verken elevar eller lærarar, forsikrar arvtakar Trond Botnen (biletet).

Fredag vart det kjent at Bergen Private Gymnas og Akademiet Bergen må betala attende statsstønad på meir enn åtte millionar kroner. Avgjerda vart teken av Kunnskapsdepartementet, etter eit omfattande brot på privatskulelova (sjå fakta).

Gjekk frivillig

Helge Teige, eigar, medgründar og konsernsjef, har heile vegen hevda at skulane har opptredd innanfor lova. Som følgje av departementets avgjerd, valde han sundag å trekkja seg frå alle verv og rollar.

Les også:

— Helge er fortvila og har mista all motivasjon. Han kjenner seg motarbeidd av departementet for å ha drive billegare enn dei offentlege skulane. Det er særs trist og leit for alle saman, fortel Trond Botnen.

Med umiddelbar verknad går Botnen inn i rolla som konsernsjef og dagleg leiar for skulane, samt ein rekkje andre selskap som morselskap Metis Education driv opp mot privatskulane. Teige ønskjer ikkje å uttala seg om saka til media, og valde å trekkja seg før eit ekstraordinært styremøte sundag.

— Me vart alle veldig overraska. Han har styret sin fulle tillit og styret ynskte at han skulle halda fram, understrekar Botnen.

Over marknadspris

Fem andre Akademiet-skular i Noreg må óg betala attende statsstønad, noko som utgjer ein total på meir enn 12 millionar kroner.

Bakgrunnen er at skulane i 2011 tok ut ulovleg forteneste. Striden dreidde seg i stor grad om kva som er marknadspris på husleige, innleige av administrativt tilsette og lærarvikararar, samt innleige av IT-konsulentar.

Utdanningsdirektoratet (Udir) meinte privatskuleeigarane kjøpte dette av selskap dei sjølve eig til ein pris over marknadspris. Til saman skal dei sju skulane i Noreg ha teke ut 18 millionar kroner i gevinst.

— Kunnskapsdepartementet har gått gjennom heile saka, brukt kompetansen som er i embetet og konkludert med at me vil oppretthalda Utdanningsdirektoratets vedtak, uttala Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til Aftenbladet fredag.

Held fram som før

Korkje Akademiet eller Bergen Private Gymnas meiner at dei har brote lova. I tilsvara skal dei til dømes ha gjeve prov på at kostnadane til husleige og anna i fleire høve ligg lågare enn i den offentlege skulen.

— Og det i seg sjølv er eit paradoks. Me er framleis usamde i vedtaket, men vil naturlegvis følgja krava og betala attende pengane. No stakar me ut ein ny kurs i driftsmodellen vår, fortel Botnen.

Han forsikrar at utbetalingane ikkje påverkar dei over 1100 elevane og meir enn 160 tilsette.

— Alt held fram som før, seier konsernsjefen.

Stryk gjeld på 28 mill.

Morselskapet Metis Euducation har i fleire år opparbeid seg ei gjeld på rundt 28 millionar kroner til medgründar Helge Teige. Dette skal vera gevinst på aksjesal, som igjen er vorte gjort om til gjeld og stammar frå sal av Teiges private selskap til Metis Education.

Les også:

Etter oppfordring frå han sjølv, vert gjeldsposten no kansellert, fortel Botnen.

— Det er nobelt og viser at han har hatt gode intensjonar heile vegen. Samstundes er det eit signal om at han ønskjer å satsa vidare på selskapet, for han er framleis eigar. Men me kunne fint ha klart å dekkja krava utan dette, seier han.

Må truleg bla opp meir

Direktoratet har allereie varsla nytt tilsyn for å sjå på korleis stønaden i 2012 vart nytta. Det er óg truleg at fjoråret vert gjennomgått på same måte.

— Med kapitalen frå Teige får me ekstra ro til eventuelt å ta hand om ytterlegare attendebetalingar frå desse åra, seier den nye konsernsjefen.