— Det er alltid greitt å ha nokre kroner på lur, seier Austevoll-ordførar Helge André Njåstad (Frp), som i går signerte avtalen med Aleris Omsorg.

Frå 1. juni overtek Aleris drifta av sjukeheimen, heimesjukepleien, heimehjelpa, matombringing og tryggleiksalarmen.

Kontrakten med Aleris sparer kommunen for 10 millionar årleg, seier Njåstad.

— Kommunen bruker 67 millionar kroner årleg på pleie og omsorg. Aleris gjer jobben for 57 millionar kroner, seier han.

Dei 130 tilsette får tilbod om å følgje med over i det private selskapet. Ifølgje Njåstad får dei gode vilkår der.

— Kva med pensjon? I det offentlege er dei garantert 66 prosent av sluttløn i pensjon.

— Hjå Aleris får dei ein god innskotspensjon. Ordninga er annleis, men likevel god.

Dei tilsette får høve til å reservere seg mot å skifte arbeidsgjevar, dersom kommunen har høveleg arbeid for dei, seier Njåstad.

Først ut

Austevoll er første distrikts- og småkommune i landet som har gjennomført konkurranseutsetjing av all pleie og omsorg. Kommunen skal no nøye seg med eit kontor som bestiller tenester og kontrollerer at jobben vert gjort.

Aleris Omsorg seier seg svært nøgd med kontrakten.

— Vi vil saman med kommunen sørgje for at dei eldre i Austevoll får det beste omsorgstilbodet, og at dei tilsette får delta i ei spanande utvikling av eldreomsorga, seier administrerande direktør Geir Lægreid i Aleris omsorg i ei pressemelding.

Kontrakten gjeld for seks år. Oppstart er sett til 1. juni.

- Kva skal kommunen nytte dei sparte millionane til?

— Innsparinga sikrar oss sunnare kommuneøkonomi og gjer oss i stand til å gjennomføre investeringar, seier Njåstad.

- Har resignert

Kommunestyret i Austevoll gjekk samrøystes inn for avtalen torsdag.

— Vi har kjempa mot dette i over eit år, no har vi resignert, seier Ingrid Møgster (Ap).

Ho meiner tilbodet vert dårlegare, fordi det blir færre pleiarar pr. pasient. For dei tilsette fryktar ho at nyordninga betyr tøffare turnusar og dårlegare pensjon.

— Innsparinga dei snakkar om er heilt hypotetisk. Eg trur fasit blir mykje dobbeltadministrasjon, seier ho.

Synspunkt? Sei di mening.