I mange år har sjukehusa hatt lange ventelister på enkle operasjonar som kan gjerast på dagen. Etter eit vellykka forsøk i Akershus, der private spesialistar med offentleg driftsavtale har vorte brukte til å ta unna ventelistepasientar, skal ordninga no gjerast landsdekkande.

Sosial— og helsedepartementet har auka potten til denne typen operasjonsfinanisering med 30 millionar kroner for neste år.

— Det er gode sjansar for at vi vil få bort ventelistene våre i løpet av eit års tid, seier Per Gunnar Liavaag, konstituert avdelingsoverlege ved øyre-nase-halsavdelinga ved Haukeland sykehus. Det er først og fremst for augeoperasjonar og øyre-nase-hals-operasjonar at departementet meiner millionane skal gjere veg i vellinga.

Mandelkøen er fjerna

For pasientar som har hatt problem med tett nase og bihulebetennelse har det hittil vore opp til fem års ventetid for relativt enkle operasjonar.

I dag ventar om lag 500 personar på naseskillevegg-oppretting berre ved Haukeland sykehus. Ca 200 ventar på bihule-operasjon, medan 72 ventar på nasemusling-operasjon.

— Ventelistene er allereie i ferd med å bli kraftig reduserte, fordi vi har fått auka kapasitet. Det har blant anna skjedd ved at private allereie har fått ta unna mandelkøen, og fordi ein del har vore sendt til Sverige, seier avdelingsoverlege Liavaag.

Aukar med ti prosent

Dei 30 millionane skal auke kapasiteten på auge- og øyre-nase-hals-feltet med om lag ti prosent. Andre dagoperasjonar, som enkle ortopediske inngrep, skal styrkast med om lag fem prosent, ifølgje reknestykka frå departementet.

— Ventetida på ein del operasjonar har vore uakseptabelt lang, seier underdirektør Mette Nilstad i Helse- og sosialdepartementet. Vi ønskjer å utnytte den kapasiteten som finst betre, og kanskje også få ein økonomisk gevinst.

Med den statlege overtakinga av sjukehusa blir det det nye Helse Vest RHF som skal organisere den private innsatsen på Vestlandet.

— Vi er veldig interessert i å nytte denne ordninga. No må vi skaffe oss oversikt over kapasiteten hos dei private spesialistane på Vestlandet og kva dei har å tilby, seier Helge Bryne, konstituert direktør i Helse Vest RHF.