INGVILD RUGLAND

I tre år er det tre eldsjeler som har sørga for at Lyngheisenteret i Lindås ikkje er blitt lukka og låst. Styreleiar Jostein Vike har kvart einaste år sidan opninga i 2000 opplevd underskot på drifta av Lyngheisenteret.

Kvar gong har han leita etter økonomisk støtte eller sponsorar for å dekke inn tapet. Det har ikkje gitt respons.

— Første året fekk vi underskot, og det enda med at vi kausjonerte, i tillegg til at banken hadde pant i eigedomen, seier Vike.

Tre år var nok

Slik gjekk det også andre og tredje året. Etter å ha garantert for underskot tre år på rad, var summen kome opp i 1,75 millionar kroner. Men så sa Vike og Kaland at det fekk vere nok.

Dei tre risikerer no å tape pengane.

— Alt kan jo sjølvsagt skje, men Sparebanken Vest har pant i eigedomen, og det er først viss det ikkje er nok at kausjonen vår slår inn, seier Vike.

Grunna dårleg besøk i årets sesong, stenger senteret 1. oktober, og fem personar har mista jobben, slik BT skreiv fredag. Ei pengegåve på 350.000 kroner gjorde situasjonen litt mindre dramatisk, enn så lenge.

Vil redda senteret

No jobbar dei på spreng med å organisere drifta annleis, slik at senteret kan reddast.

— Vi har heile tida hatt trua på dette anlegget, og er leie for at det ikkje har kome inn sikre statlege tilskot. Får vi ikkje hjelp, risikerer vi at vi må avvikle heile senteret, men det kan eg ikkje tenke meg skjer, seier Jostein Vike.

Det er investert 60 millionar kroner i senteret som opna i 2000. Det er Hordaland fylkeskommune som er største kreditor, med sitt rentefrie lån på 18,6 millionar kroner.