Arne Hofseth

Eit par dårlege karakterar, til dømes i gymnastikk og metallsløyd på ungdomsskulen, så er du ute av kampen om dei mest ettertrakta skuleplassane i vidaregåande skule.

I Bergen tilbyr fylkeskommunen berre 30 plassar i førsteklassen på den nye og populære lina for media og kommunikasjon, og alle glupingane i Hordaland kunne søka. Om kort tid er det klart kven som hadde mange nok poeng til å koma inn.

Fylkeskommunen oppfyller si lovpålagde plikt ved å tilby skuleplass annan stad i fylket, til dømes på Voss, i Odda eller på Stord, og ikkje nødvendigvis på medieline. Mange bergensarar som gjerne ville noko anna, endar dermed opp på «allmenn».

Her kan enkelte oppleva rektor Terje Risa ved Akademiet Bergen som reddande engel.

— Frå hausten 2004 startar Akademiet Bergen ein ny vidaregåande skule med tre studieretningar, opplyser han til Bergens Tidende.

Ei av studieretningane er nettopp media og kommunikasjon. Dei to andre er allmenn og handel (sal og service).

Men sidan dette er privatskule, må det betalast skulepengar, nærare bestemt 7500 kroner i året, medrekna fri bruk av berbar pc. Sidan skulen oppfyller alle krav i privatskulelova, betalar Staten resten. Skulen gir fullverdig studiekompetanse ved opptak til universitet og høgskular.