«Velkomen» og «Vennskap» står det i regnbogefarger over porten. Men i år blir det ingen leirskule for barn her. Mannen som slepper oss inn har svart finlandshette, svart skjorte under den skotsikre vesten og svart bukse. Ved hofta dinglar ein Kalasjnikov.

Milliardær betaler

I denne leiren, i enden av ein grusveg på landsbygda aust i Ukraina, førebur nyoppretta militsar seg på kampen mot dei pro-russiske separatistane. Bak seg har dei blant anna ein av Ukrainas rikaste menn, som betaler for både våpen, ammunisjon og uniformer.

Dei er alle frivillige. Dei høyrer ikkje til hær eller politi, og vil ikkje ut med namna sine, eller kven kommandanten er. «Ingen andlet, ingen namn», forklarer ein av dei frivillige. Kven som kontrollerer styrkane, eller kva slags mandat dei har, er i beste fall uklart.

Skyt med skarpt

Det som er sikkert, er at dei er væpna, og at dei får lov til å operere av regjeringa i Kiev.

Ein sti gjennom skogen fører til skytebanen. Der går ein halvautomatisk Kalasjnikov og to rifler på omgang mellom 15 menn. Dei skyt med skarpt, blinken er 100 meter unna.

- Sjå, der spring ein separatist. Skyt! roper ein. Alle ler.Gruppa som inviterte oss inn i går ettermiddag kallar seg Donbass-bataljonen. Symbolet deira — ein falk - er brodert i gull på jakkemerka. Også ein annan milits, Dnepr-bataljonen, held til her. Dnepr-styrken er finansiert av ein av Ukrainas tre rikaste menn, Igor Kolomojskij. Han vart utnemnt som guvernør i fylket Dnepropetrovsk, der også leiren ligg, etter revolusjonen i vinter.

- Eg likar ikkje Kolomojskij. Eg likar ikkje nokon oligarkar. Difor valde eg Donbass-bataljonen. Vi har ikkje så mykje pengar, men vi er sterkare, seier ein av dei som fører an i gruppa.

Slost også på Maidan

Først når kameraet er lagt vekk kjem finlandshetta av. Han kallar seg Serafim, er 46 år gammal, har russisk som morsmål og mange års erfaring som offiser i den sovjetiske og ukrainske hæren - også frå krigar, seier han. Han har budd heile sitt liv i Kharkiv, den største byen i aust, og ein av plassane der separatistar har okkupert bygningar. Han er traktormekanikar, og deltok i protestane på Maidan-plassen.

- Maidan handla ikkje om aust eller vest. Vi ville kvitte oss med korrupte kjeltringar og bandittar, ikkje dele opp landet. Vi stod saman under det ukrainske flagget. Maidan er ikkje over ennå, seier 46-åringen, som kallar seg Serafim.

Alle vi møter meiner Russland og president Vladimir Putin har skapt separatistrørsla, og at ho ikkje er så sterk som Russland vil ha det til.

- Utan han ville ikkje dette skjedd. Propagandaen er forferdeleg, russisk fjernsyn er like påliteleg som porno. Mange her er redde, og veit ikkje kva dei skal tru, seier Serafim.

Skal vakte vallokala

Mange er også redde for kva resultatet av sjølvstyrte, dårleg trente militsar på begge sider av konflikten kan bli. Dnepr-bataljonen skal alt ha delteke i blodige kampar med mange døde, blant anna i kystbyen Mariupol.

Utanfor hovudbygningen blir ei skarpskyttarrifle med kikkertsikte lempa inn i ein bulka Lada. Ein ammunisjonskasse kjem etter, saman med skotsikre vestar, dekorert med blå og gule band, fargene i det ukrainske flagget.

- Ein etterretningsoperasjon, seier verten vår.

Den første store prøven kjem til helga, under presidentvalet. Militsane vil prøve å beskytte vallokala. I nabofylka Donetsk og Luhansk, der separatistane har erklært sin eigen stat, har maskerte menn alt slått til og tatt med både valmateriell og urner.

- Skyt dei, så skyt vi attende, seier Serafim.

Høgre sektor på plass

Det er automatvåpen å sjå over alt mellom leikeapparata i leiren, som dei seier rommar ca. 100 mann. Totalt hevdar dei at dei tel ca. 3000. Fylka som prøver å rive seg laus har fleire hundre valstasjonar og 4,5 millionar veljarar, og få trur at valet lar seg gjennomføre over alt.

Donbass-militsen hevdar at dei stort sett er lokale menn, eit viktig poeng i propagandakrigen som går føre seg. Dei seier også at dei koordinerer operasjonane med både politiet og hæren.

Tysdag installerte også ei tredje gruppe seg på leirskulen: Høgre sektor, nasjonalistar på ytste høgre fløy som av Russland blir brukt som skremmebilete på kva retning Ukraina er på veg.

Gjennom heile dagen melde nye rekruttar seg ved porten.

-  Eg melde meg først for hæren, men dei sa eg var for gammal, seier Alexej Fokin (32). Han har reist frå Kiev for å få våpen og delta i kampen. Han har aldri vore i militæret, men nå bur han seg på mange månader den svarte Donbass-uniforma.

- Eg er nasjonalist. Og konflikten her kjem til å vare lenge. Eg blir med så lenge eg trengst, seier 32-åringen.

KLAR: Vodianoy Kot er blant ukrainerne som vil forsvare landet sitt.
GORM K. GAARE