På Ulvund i Myrkdalen tek dei vare på kulturlandskapet med gamle driftsmetodar, og lite bruk av maskiner. Anne Lise og Kåre Ulvund hegnar om det gamle kulturlandskapet med rydningsrøyser, bakkemurar, styvingstre og gjerde og ivaretek det biologiske mangfaldet i dei gamle slåttemarkene. Her vert viktige genressursar sikra. 2010 er utpeika som det internasjonale naturmangfaldsåret, der nasjonane har forplikta seg til å stansa tapet av biologisk mangfald.

Stadig sjeldnare

Gamle slåttemarker og lauvenger vert stadig sjeldnare å sjå. Kulturlandskapet på Ulvund er difor eit nasjonalt referanseområde.

I år er prisen eit grafisk trykk av Geir Nymark, ein kunstnar som til liks med vinnarane har tilknyting til Myrkdalen.

Folkemusikkformidlaren

Spelemannen Leif Rygg er den 21. i rekkja som er tildelt kommunen sin kulturpris, eit støypt metallarbeid av vossakunstnaren Leif Gjerme. kst og auka oppslutnad om folkemusikken og folkemusikken si rolle i kulturbygda Voss.

I tillegg har Leif Rygg teke formidlarrolla med seg ut – både rundt i landet og ut i verda. Han har mange år bak seg som fylkesmusikar og har vore æresmedlem i Landslaget for spelemenn sidan 1998.

Med årets kulturpris vil Voss heidra ein av dei fremste formidlarane bygda har innan folkemusikk og felespel.

Send vinnarane dine gratulasjonar i kommentarfeltet under!

SPELEMANN: Leif Rygg står for tradisjonelle verdiar. ARKIVFOTO: Arne Hofseth
PRISVINNAR: Kåre Ulvund kvesser ljåen. FOTO: ARNE HOFSETH