I fjor haust fekk Neteland, dagleg leiar i Hardanger Bygg i Norheimsund, dei første varsla om at trelastleverandørane ville skru prisane kraftig i vêret i første halvår i år.

— Trelastnæringa dreiv med låg inntening, og hadde eit mangeårig etterslep. Derfor kom første prisauken i februar i år, og i april var oppgangen på over 20 prosent, seier Neteland.

Prisauken betyr dyrare hytter og hus.

— Dette må me kompensera for i våre husprisar. Men der me sat med gamle kontraktar, påførte det oss tap, seier Stig Neteland.

At veksten i konsumprisindeksen - som måler den gjennomsnittlege prisstiginga - er låg, er ei lita trøyst for Neteland. Prisane på både tømmer, anna byggjemateriale og lønskostnader (sjå grafikk) har auka langt meir enn konsumprisindeksen.

Bremsar etterspurnaden

Sterk prisoppgang på både tomter og materialar skremmer langt frå alle med planar om hytter på Kvamskogen. Men fleire enn før ser det litt meir an før dei bestemmer seg.

— Hyttemarknaden har nok flata ut, det er ikkje dei Klondyke-tilstandane som det var for to år sidan. Nye hytter er no gjerne prisa så høgt at kundar sit på gjerdet. Men enno er det folk som er villige til å betala, seier Neteland.

— Vi er ein typisk konjunkturbransje. Og sjølv om byggjeaktiviteten no flatar ut, så skjer det på eit veldig høgt nivå, seier Frank Ivar Andersen, dagleg leiar i Norges Byggmesterforbund.

Manglar snikkarar

Trass i meir nølande kundar, Hardanger Bygg har nok å gjere.

— Det ser ikkje ut til å mangla oppdrag, nei. Når me er ferdige med denne hytta, er det tre til som står for tur på Kvamskogen etter nyttår, seier Jarle Norheim (46).

Hardanger Bygg-tømraren er i innspurten med ei knapt hundre kvadratmeter stor hytte på Kvamskogen saman med lærling Sondre Vikøy (18).

Hytta dei byggjer er utstyrt som eit moderne bustadhus og vel så det. Her er badstue og peis, parkett og fliser, og torv på taket. For Vikøy og Norheim er det stort sett berre listing og parkettlegging som står att. Dei slepp å jobba utandørs i det iskalde novemberregnet.

Polakkar i retur

Norsk byggjenæring sitt rekrutteringsbehov er 10.000 nye medarbeidarar i året, 2000 av dei tømrarar, melder Byggenæringens Landsforening.

Å stetta trongen krev ein stor del utanlandsk arbeidskraft også i framtida. Byggjebransjen nyttar i dag rundt 80.000 utlendingar - i hovudsak polakkar.

Men ifølgje undersøkingar Bergens Tidende har gjort på Vestlandet, er talet på veg ned.

Polske handverkarar er på veg tilbake til heimlandet både av di den høge byggjeaktiviteten i Noreg stagnerer og av di etterspurnaden aukar i Polen.

- Prisa seg for lågt

Stig Neteland i Hardanger Bygg meiner utanlandske bygningsfolk har vore med på å halde prisane nede.

— Utlendingane øydela dels for marknaden ved å prisa seg lågt. Huseigarane fekk forventningar om billeg arbeid, seier han.

Men konkurransen frå utlandet har ikkje skremt snikkarlærling Sondre Vikøy vekk frå yrket. Han har vore sikker på yrkesvalet sidan barndommen.

— Sjølv om det er mange utanlandske tømrarar, så vil det alltid vera trong for norske. Eg har alltid vore ute og bygt hytter i skogen, seier 18-åringen.

Målet er meisterbrev og å starta opp for seg sjølv.

POPULÆR: Slike gutar, det vil Byggje-Noreg gjerne ha. Snikkarlærling Sondre Vikøy (18) kappar lister til ei ny hytte på Kvamskogen. Byggjebransjen reknar med at den må rekruttere 10.000 nye arbeidstakarar i året.
Sævig, Rune
DYRARE: Auka prisar på byggjevarer har gjort hyttene på Kvamskogen dyrare. Så dyre at fleire er blitt usikre på om dei vil kjøpe.
Sævig, Rune