-
HUMØRFYLT: Julebaksten blir trivelegare når fleire er saman. Prisvinnar Heidi Helgheim Steinstø er nr. 2 frå høgre med raust forkle. Dei andre frå venstre: Målfrid Øystese, Anne Karin Mæland, Britt Sanne Solheim og (i høgre biletkant) Turid Øystese. ARKIVFOTO: Rune Sævig
Prislønt kakebu
Bygdeutviklingsprisen for Hordaland 2010 er tildelt Steinstø fruktgard og Steinstø Kakebu ved Fyksesundet i Hardanger.
AV: arne hofseth
Prisvinnar Ola Steinstø og kona arbeidet på garden, som har om lag 3500 frukttre fordelt på meir enn 50 sortar.
Systera, prisvinnar Heidi Helgheim Steinstø har også skapt sin arbeidsplass på bruket. Ho har etablert Steinstø Kakebu i vegkanten, der ho serverer kaffi og kaker, smurde lefser, eplekaker, eplesaft, syltety, gelear og frukt frå garden.
Turiststopp
Kjellaren i kårhuset er innreidd til gardsrestaurant med plass til om lag 60.
Meir enn 35.000 bilar stoppar kvart år på fylkesveg 7 ved Kakebua. Om lag 4000 personar er innom gardsrestauranten på ulike tilskipingar i løpet av eitt år.
Grupper får omvising i frukthagen, rundt 60 bussar i året.
Julebakst
Så langt pressemeldinga frå Innovasjon Norge Hordaland.
Det dei ikkje har fått med seg, er at ein venninnegjeng samlast i på kjøkenet i gardsrestauranten og bakar sine sju sortar julebakst i fellesskap. Det er umåteleg mykje meir gøy enn å baka julekakene kvar for seg heime. Samtidig har dei full kontroll på karane, som vert sett i arbeid med å testa sideren i etasjen over.