Frå mars vil Torghatten Trafikkselskap opprette nok ei rute, men Tide protesterer.

I går fekk Tide Sjø (tidlegare HSD) konkurranse på hurtigbåtruta «Flaggruten» mellom Bergen og Stavanger.

Klokka 12.15 gjekk «Strandafjord» ut frå Bergen, den første turen for Torghatten Trafikkselskap i den nye ruta som har fått namnet «Ekspressruten».

Selskapet konkurrerer bevisst på pris med Tide. Medan Tide tek 640 kroner for ein vanleg vaksenbillett mellom dei to byane, slepp du unna med 510 kroner hjå konkurrenten.

— Vi skal lansere oss i ein marknad, og då meiner vi prisen er viktig. Difor har vi lagt oss på ein mellomting mellom kystbussen og Flaggruten, seier trafikksjef Ingar Mathisen i Torghatten Trafikkselskap ASA.

— Er det eit introduksjonstilbod, slik at de vil skru opp prisen etter kvart?

— Nei, dette er ein langsiktig strategi, seier han.

Trass den låge prisen reknar Torghatten med på å gå med overskot på ruta allereie i år.

Raskare med færre stopp

For dei som skal heile vegen frå Bergen til Stavanger eller omvendt, kan det òg vere verd å merke seg at den nye ruta brukar tre kvarter mindre på turen.

Det skuldast at Ekspressruten har færre stopp undervegs. Førebels stoppar båten berre i Leirvik, Haugesund og Kopervik, tre stopp mindre enn Flaggruten. Mathisen seier dei ønskte å legge inn eit stopp på Flesland, men der sa kaieigar Tide ikkje uventa nei.

Torghatten sitt uventa inntog på ruta Bergen-Stavanger skuldast at dei fekk to hurtigbåtar ledig, etter at dei i fjor tapte to ruter i Rogaland.

Den andre båten skal etter planen setjast inn i nok ei rute Bergen-Stavanger frå 1. mars. Rogaland Fylkeskommune har sagt ja, og saka er no på høyring.

Viss ikkje Tide får medhald i departementet, vil det bli fire daglege hurtigbåtavgangar frå Bergen frå 1. mars:

  • Tide (Flaggruten) kl. 9.50 og 16.15
  • Torghatten (Ekspressruten) kl. 12.15 og 16.00.

- Dei stel passasjerane

Tide Sjø har klaga dei nye rutene inn til Samferdsledepartementet. Selskapet vann ikkje fram med klagen på den første ruta, medan den andre ligg på bordet i departementet.

— Vi vil vite kva haldning dei har til å gje eit konkurrerande løyve, seier adm. direktør Geir Aga i Tide Sjø AS.

Bakgrunnen er at Tide har anbod på delar av ruta (Haugesund-Stavanger), og at dei har lagt inn fleire stopp som skal korrespondere med resten av rutenettet i Sunnhordland.

Slike omsyn treng ikkje konkurrenten ta. Torghatten på si side får ikkje statstøtte, noko Tide gjer på delar av ruta.

Ifølgje Aga går Flaggruten i dag med underskot, og han fryktar følgjene viss det kjem to nye avgangar på strekninga.

— Det vi reagerer mest på er ikkje prisen dei har lagt seg på, men klokkeslettet. Dei planlegg å gå rett før våre båtar, seier Aga som fryktar konkurrenten vil ta kundar frå Flaggruten.

— Men konkurranse gjev då lågare pris. Det er vel bra?

— Ja, men eg trur utfordringa er at vi skulle hatt fleire avgangar. Ein konkurranse på pris om dei same kundane er kortsiktig. Det er ikkje økonomi nok til at det går, seier han.