Likevel kunne ordførar Bjørn Christensen fredag fyra av den første salva på Myrkdalstunnelen på riksveg 13. Det vart ikkje svære smellen, men symbolkrafta var enorm, skal ein tru politikarane som ytra seg på Myrkdalsstova før seremonien.

– Prishopp på minst 30 prosent opplever vi jamleg på prosjekta vi har ute på entreprise i Region Vest for tida, seier prosjektleiar Lars Magnar Røneid i Vegstellet.

– Det er ekstremt godt gjort å få dette vegprosjektet fram til anleggsstart i ekspressfart, seir ordførar Bjørn Christensen.

Han legg vekt på at samarbeid mellom fleire aktørar gjorde susen. Vik og Voss kommunar spleiser med Voss Fjellandsby på 30 millionar kroner i forskottering, og Myrkdalen Fjellheisar kjøper steinmassar for 24 millionar kroner frå tunnelen.

– 240 bergensfamiliar har hytte i Fjellandsbyen, skianlegget har 50.000 besøk i sesongen og vi har omsut for tilsette som køyrer opp hit frå Vangen.

Slik grunngav dagleg leiar Nils Akselberg Voss Fjellandsby og heiseselskapet sitt engasjement for å eliminera den ekstreme rasfaren frå Skvetteberget.

– Kvart spadetak på riksveg 13 er ein fordel for Vik. Neste steg er tunnel under Vikafjellet, kvitterte ordførar Erik Lidal, og utstyrte prosjektleiaren med kniv til vegopninga 8. desember neste år.

Myrkdalstunnelen blir 890 meter lang, med 65 meter rasoverbygg i eine enden og 90 meter i den andre. I tillegg skal det byggjast 480 meter veg i dagen. Vegmurane blir over 10 meter høge på det høgste.

Tunnelen får så godt lys at syklistar og gåande kan ferdast der. Det er usikkert om den rasutsette gamlevegen vert vedlikehalden til gang— og sykkelveg for dei som mislikar tunneltrafikk.

I første del av anleggstida vert det omfattande vegstengingar. Tidene er kunngjort på Statens vegvesen sine nettsider. her gjeld det å fylja med skal ein unngå heft.

FØRSTE SALVE: Ordførar Bjørn Christensen har her fyrt av første salva på Myrdalstunnelen.