OGNE ØYEHAUG

Lakseanalytikar spår mangel på oppdrettslaks. I formiddag benkar banksjefane med milliardlån til oppdrettsnæringa seg hos Nordea i Ålesund. Der skal dei høyre lakseanalytikar Lars Liabø i Kontali Analyse tale om lakserikets tilstand.

Her er det han vil fortelje:

  • Ved utgangen av september vil det vere over 10 prosent mindre slakteferdig laks av mellomgenerasjonen i sjøen enn på same tid i fjor. Det er denne generasjonen som skal forsyne marknaden fram til neste vår.
  • Det blir liten eller ingen auke i slaktinga av laks hos konkurrentane i Chile, Skottland, Færøyane og Nord-Amerika.
  • Den eldste laksegenerasjonen, som har vore med på å halde lakseprisane nede, er no praktisk tala utslakta.

Ingen auke

— Vi forventar ikkje nokon auke i utbudet av atlantisk laks no fram mot jul i forhold til i fjor, og auken også i første halvår 2003 blir minimal, seier Liabø.

Kontali Analyse gir kvar månad ut ein rapport om oppdrettsnæringa, fullstappa med statistikk og prognosar. Tre gangar om året er rapporten ekstra forseggjort, takka vere at bankane leverer detaljert informasjon om tilstanden hos sine kundar.

Rapporten Liabø presentere i dag er ein slik forseggjort rapport.

Bankane, med Nordea og DnB i spissen, har bygd si handtering av krisa i oppdrettsnæringa på at prisoppgangen vil kome i løpet av hausten.

Hittil er ingen oppdrettselskap slått konkurs. Den siste Kontali-rapporten styrker truleg bankane i trua på at dei har gjort rett i å vise velvilje.

Prisoppgang

Sidan midtsommar har prisen på laks mellom seks og sju kilo stige med 25 prosent, ifølge tal fra fra bransjeorganisasjonen FHL Havbruk.

Salsdirektør Frank Yri hos eksportselskapet Seaborn stadfestar at det har vore ein kraftig prisoppgang på stor laks, særleg dei siste vekene.

Medan han betalte 24 kroner kiloen for seks-sju kilos laks i midten august, betaler han 27 kroner kiloen no. Laks på fem-seks kilo har auka frå 22 til 24 kroner.

Yri trur at at det er prisoppgang i vente også for mindre vektklasser.

— Vi trur faktisk på ein vidare prisoppgang, eigentleg i alle storleikar, seier Yri.

Yri kjenner seg tryggare på at denne prisoppgangen skal bli varig, i motsetnaden til prisoppgangen i vår, som berre vart eit blaff.