— Dagens prisar er dobbelt så høge som vi drøymde om i vårt prosjekt, seier administrerande direktør Terje Enes i Kvinnherad Energi AS.

I det minste vonar Enes at energi- og miljøkomitéen kjem og ser på det omstridde vassdraget før Stortinget til våren tek endeleg stilling til Muradalen kraftverk.

Kvinnherad Energi har anka olje- og energiminister Einar Steensnæs (KrF) sitt avslag frå i vår på søknaden om modernisering av det 83 år gamle kraftverket ovanfor Rosendal.

Ministrar sa nei utan å sjå

Steensnæs avviste moderniseringsalternativet og underla det konsesjonsplikt. Statsråden kom ikkje på synfaring i området før han bestemte seg. Det gjorde heller ikkje forgjengaren hans, Olav Akselsen (Ap), som blei hindra av snøstorm då han var komen til Rosendal.

Akselsen avslo i juni 2001 Kvinnherad Energi sin søknad om ei opprusting frå dagens produksjon på 8,5 GWh til 68 GWh. Kraftverket kunne då levert straum til rundt 7000 bustader i året.

Moderniseringsalternativet vil gje knapt 25 GWh. Trass sterk oppslutnad i Kvinnherad kommunestyre og Hordaland fylkesting om ei opprusting, har naturvernarar, kulturpersonar og Informasjonsnemnda for Hattebergvassdraget gått sterkt imot. Årsaka er omsynet til Folgefonn Vest nasjonalpark, Ringeriksfossen og Baroniet Rosendal.

- Offer for spel

— Det har vore mykje feilinformasjon i denne saka, der Kvinnherad Energi har vore offer for eit miljøpolitisk spel. Området må synfarast, først då kan ein sjå kor misvisande motstandarane sine framstillingar av saka er, skriv everkdirektør Terje Enes i anken til Olje- og energidepartementet.

Enes minner om Bondevik-regjeringa si målsetjing om å auka landets energiforsyning gjennom effektivisering av drifta i gamle installasjonar. I eitt punkt trekkjer han fram at åtte av ti nordmenn støttar vidare kraftutbygging for å få billegare straum.

Ifølgje Terje Enes vil ei modernisering av Muradalen Kraftverk berre ha ei vesentleg ulempe: struping av Ringeriksfossen. Han inviterer energi- og miljøkomitéen til å vurdera full vassføring i fossen om sommaren i staden for ei redusert vassføring frå 1. mai til 15. september kvart år, slik NVE går inn for.