Politisk journalistikks grand old man, tidlegare BT-journalist Olav Garvik, vart i går kveld hylla av 140 bergensjournalistar. Garvik kunne vore bestefar til mange i salen.

67-åringen har over 40 års fartstid som journalist. Mesteparten av tida har han arbeidd i Bergens Tidende, mellom anna som politisk journalist, leiar for politisk avdeling og leiarskribent.

—  Gjennom mange år har Olav Garvik vore ei klippe i norsk politisk journalistikk, seier jurymedlem Dag Bjørndal.

—  Han er framleis aktiv i den faglege journalistiske debatten i Bergen journalistlag.

- Kritisk gen i ryggmargen

I tillegg er Garvik forfattar og biograf. Alt i alt har han vore med på ti bokutgjevingar. Hans siste, «Gründer i grov sjø», kom tidlegare i år og er ein biografi om Magnus Stangeland.

—  Men først og fremst snakkar vi om ein erkejournalist, sa bergensordførar Trude Drevland, som delte ut prisen.

Gjennom heile karrieren har Garvik nytt stor respekt. Ikkje berre blant kolleger, men også hos dei mest sentrale politiske aktørane i Norge.

Og ikkje berre har Garvik fulgt den politiske dagsorden her i landet, sa Drevland, han har også sett dagsorden.

Jaktar framleis

Prisutdelaren roste Garvik for å ha eit kritisk gen i ryggmargen, og for å vite at det er kvardagsstrevet som kastar best av seg.

—  Som då han i eit intervju med Kåre Willoch avslørte for all verda at den gamle Høgre-høvdingen og statsministeren hadde skifta syn på konflikten i Midt-Østen.

I 2009 gjekk Garvik av med pensjon. Mange venta at han skulle gjere som dei fleste andre: Roe ned.

—  Det skjedde sjølvsagt ikkje. Han har halde fram med å skrive. Fortsatt er han like nysgjerrig og like mykje på jakt etter den gode historia, gjerne den som fører til politisk konflikt, seier Drevland.

Gullparaply til BT

På lørdagens prisgalla i Bergen vart to andre BT-journalistar, Rune Christophersen og Tron Strand, heidra med Gullparaplyen for sine artiklar om «Global Shield».

«Global Shield» var eit internasjonalt samarbeid for å stoppe handel med kjemikaliar som skulle brukast til terrorbomber. Antiterraksjonen førte til at tollstyresmaktene varsla Politiets sikkerhetstjeneste (PST) om at Anders Behring Breivik hadde gjort mistenkelege kjemikalieinnkjøp i Polen. PST gjorde likevel ingenting, avslørte Christophersen og Strand i ein serie artiklar.

Pressefotografiet Vidar Langeland i BA fekk gull for, viser tre hylande romanibarn som blir tekne hand om av politiet i Bergen sentrum.