Prisen, eit bilete av Kristian Finborud, vart i går overrekt av nestleiaren i det kommunale miljø— og kulturutvalet, Gunvor Børsheim Lindland.

Ho la vekt på Ringheim sitt engasjement for vern av Vossavassdraget, skipinga av Voss Naturvernlag, der han var leiar i fem år, utviklinga og opprettinga av Vestnorsk Kunstakademi, og kunstverkstaden Magasinet.

– Mathias Ringheim har vore ein verdfull bidragsytar i den offentlege debatten, ofte med ei kritisk røyst, nøkternt og lågmælt, men grundig og med fagleg tyngde, sa Børsheim Lindland.

— I tusenvis av år har folket levd av naturen og miljøet. No har maskiner og oljerikdom gjort oss meir uavhengige av naturgrunnlaget, og vi er opptekne av å bruka ting, sa prisvinnaren. FOTO: ARNE HOFSETH

PRIS: Mathias Ringheim er tildelt Voss kommune sin miljøvernpris for 2001.
FOTO: ARNE HOFSETH