Juryleiar Siri Meyer rosa under tildelinga Mjør for å ta vare på reportasjetradisjonen i Bergens Tidende.

— Ho er ikkje aleine om å skrive godt, men prisvinnaren skil seg ut. Tekstane hennar er prega av respekt for dei ho skriv om. Sjølv om ho kan vere kritisk, syner ho alltid medkjensle. Denne journalisten er meir allsidig enn dei fleste. Anten ho skriv kort eller langt, har tekstane hennar høg kvalitet, heiter det i grunngivinga frå juryen.

- Stolt

Kjersti Mjør er 46 år og busett i Bergen. Ho kjem opphavleg frå Kvanndal i Hardanger og arbeider som journalist i nyhendeavdelinga i Bergens Tidende. Ho vart tildelt NTB sin språkpris i 2008. Mjør har vore medredaktør for Norsk kulturårbok i 1998 (Det Norske Samlaget) og gitt ut reiseboka "52 opplevingar".

— Eg er utruleg stolt og glad over prisen. BT er ei avis med ein sterk og solid reportasjetradisjon, og er stolt av å bli ein del av den tradisjonen. Det flott at reportasjen får merksemd, og at det endå ikkje er gått av moten å fortelje ei historie, seier Mjør

Tett på

Juryen meiner ho har ei eiga evne til å kome tett på menneske ho møter, anten det er direktørar, politikarar eller uteliggjarar

— Medan andre gode skribentar gjerne søkjer seg til feature- eller kommentarstillingar der dei kan dyrke språket kvar dag, har prisvinnaren vald å jobbe i nyhendegruppa. Der er krava tøffe og tida knapp, men ein får også høve til å fortelje dei verkeleg sterke historiene. Og det gjer prisvinnaren, sa Meyer.