Det er i år tolvte gongen at prisen blir delt ut. Det skjer i regi av Fylkesmannen i Hordaland si landbruksavdeling.

«Jon Strand har gjort ein særmerkt jobb for å ta vare på heilskapen av bygningar og kulturlandskap på garden», står det i grunngjevinga for prisen.

Tungdriven gard

Garden hans ligg i vel 230 meters høgd på vestsida av Sandvinvatnet, om lag to kilometer sør for staden der vegen går av mot Buer.

Her har Strand 35 vinterfora sauer og fleire gamle hus som skal vølast og haldast i stand. Og kvernhus, tørkehus, røykjestove og smie krev sitt.

Det er ein tungdriven gard med store og små teigar i bratt terreng så det er ikkje berre å ta fram traktoren når noko skal gjerast.

Høy frakta med taubane

— Arbeidet går seinare når eg ikkje nyttar moderne maskiner. Eg brukar ei lita tohjula slåmaskin, og så rakar eg etter med hand. Det er ikkje mogleg å bruke traktor på dei brattaste bakkane. Men dei seinare åra har eg slurva litt med ljåslåtten, eg byrjar å bli gammal, humrar den 65 år gamle oddingen.

I tillegg til slåtten på garden slår og hesjar Jon Strand 16 dekar på stølen sin på Jordalstølen. Høyet blir lagra i ei løe, og når snøen kjem frakta med scooter fram til ein taubane som tek det vidare ned til garden.

Til å hjelpa seg i gardsarbeidet har han ei syster og sonen hennar, som arbeider på garden som avløysar.

— Stova på garden er frå 1810, og står som den har stått. Kvernhuset fra 1870 fekk eg rusta opp for to år sidan, med nye renner, kvernkall og bordkledning. Stølshuset er frå 1856, fortel gardbrukaren.

Spikar i løeveggen

Prisen skal vere ei påskjøning til dei som har gjort ein mangeårig innsats for å ta vare på kulturlandskapet i Hordaland. Det gjeld både biologisk mangfald, kulturhistorie, bygningsvern og landskapsoppleving.

— Det er kommunane i Hordaland som sender inn forslag til kandidatar. Kvart år er det ulike emne, og i år var det bygningar i kulturlandskapet som var temaet. Prisen er ein amber og 20.000 kroner, fortel Drude Sommersten, konsulent på landbruksavdelinga hos Fylkesmannen.

Kva prisvinnaren skal bruke pengane til?

— Å, dei går vel til spikar i løeveggen, seier Strand.